Forfatterarkiv: Jan Erling Davidsen

PÅSKA I ULSTEINVIK BEDEHUS

Vi feirer påska til minne om Jesu død og oppstode. Dette vil vere i sentrum på samlingane i bedehuset denne påska.

Førstkomande måndag formiddag er det samling om bibel og bønn. Samtalen denne måndagen tar utgangspunkt frå Apostelgjerningane kapittel 6.

Langfredag formiddag får vi besøk av  Preben Solvang. Han har vore misjonær i Bolivia, men reiser no som ungdomsarbeidar i Norge.

 2.påskedag får vi besøk av Johannes Kleppa. Han har tidlegare vore lærar på bibelskulen i Bergen, og han har i mange år reist som forkynnar. No er han formann i misjonsorganisasjonen Sarepta som arbeider i Spania. Kleppa har skrive fleire bøker og er også kjend for sine mange og grundige avisinnlegg om fleire aktuelle tema.

Nattverdmøte

Nattverdmøtet på måndag 20.februar blir flytta til  kl.11.00 på
formiddagen, ikkje på kvelden.

Måndag 20.februar 11.00(ikke kl.19.30) Nattverdmøte

velkomne

Årsmøte Ulstein Indremisjon

Nå på Laurdag den 11.februar kl.18.00 er det årsmøte i Ulsteinvik Indremisjon. Andakt ved Odd Asbjørn Nybø. Servering.

Vil du gi gave til Ulsteinvik Indremisjon?

Sjekk linken under:

Fast givarteneste

FLEIRE SAMLINGAR I ULSTEINVIK BEDEHUS I JANUAR.

Denne veka får Ulsteinvik bedehus besøk av Torgeir Nygård frå Konsmo i Indre  Agder. Sørlendingen kombinerer arbeidet som tømrar med å ta på seg forkynnaroppdrag. Nygård er no i tredveåra., men opplevde som barn at Gud greip inn og berga han. Ein vinterdag fall han utfor eit stup og blei sterkt skada, men opplevde eit Guds under og blei frisk igjen.

Dei siste åra har Nygård vore engasjert i Harilastiftinga Håp. Denne organisasjonen driv hjelpearbeid i Russland, Estland og Israel. I samband med evangeliseringsarbeid driv dei og eit stort diakonalt arbeid. I nærleiken av Vyborg og St. Petersburg  har dei bygd opp eit rehabiliteringssenter for rusavhengige, eit senter for gatebarn, eit eldresenter og ein kombinert landbruks – og bibelskule.

Samlingane startar i kveld, tysdag. Frå onsdag blir det  bønn ein halvtime før møta. Songkrefter vil også delta på møta. Vi får mellom anna besøk av songgruppa Adonai frå Valderøya. Servering blir det på fleire av samlingane. Møta avsluttast på søndag formiddag med søndagskule i peisestova under talen og nattverd. Sjå detaljar om møta i annonsa i Vikebladet sist fredag.

Møtar startar:

Tirsdag til fredag kl.19.30

Laurdag kl.18.00.

Søndag kl.11.00.

Siste torsdag  i januar  får vi besøk av Gunnar Hamnøy med fleire frå organisasjonen North South Partnership – Aid. Dei driv eit omfattande hjelpearbeid i Kenya.Elevar frå Ulstein vidaregåande skule har samla inn midlar til dette arbeidet i Afrika, og nokre av  elevane frå UVS  vil fortelje frå reisa si til Kenya. Dagen etter, fredag besøker båten Elieser frå  Den Indre Sjømannsmisjon igjen Ulsteinvik. Båten blir liggande ved kommunekaia. Laurdag kjem den unge forkynnaren Elias Østerhus frå Misjon  Sarepta til bedehuset. Linda og Paul Arne Ulstein vil synge, og servering blir det og denne laurdagskvelden.Siste søndagen i januar har frikyrkja søndagsfest på formiddagen i bedehuset.

Samling om bibel og bønn blir på måndag formiddag dette halvåret. Ein vil samtale om emne frå Apostelgjerningane framover.

Annankvar tysdag er det ungdomsgruppe i bedehuset. Ungdommar frå 8.klasse og oppover er velkomne. Annankvar onsdag har 5.-7.klasse samlingar i bedehuset. Her har dei aktivtetar, servering og andakt på møta sine.

Vel møtt til møta i januar i Ulsteinvik bedehus.

JULEFESTANE I ULSTEINVIK BEDEHUS

Grunna covid-19 blei den tradisjonelle julefesten i Ulsteinvik bedehus avlyst i fjor, men i år blir den arrangert igjen  på torsdag 29 des.kl. 17.00 i romjula.

I år er det ein av lærarane på Møre barne-og ungdomsskule, Marita Stang som skal halde andakta, og musikklærar på bibelskulen på Bildøy, Anne Marte Lillebø vil også delta. Ho vil synge til oss og spele til songane når vi går rundt juletreet. Under julefesten blir det  musikkinnslag. Servering blir det også på julefesten. Sjå annonse om julefesten i Vikebladet i dag.

Formiddagstreffa i Ulsteinvik bedehus startar opp onsdag 4.januar. I fjor blei  det kombinerte formiddagstreffet og julefesten avlyst grunna koronaen, men i år er arrangementet tilbake igjen. Olaug Lillian Bjørke vil både tale og synge denne onsdagen. Utlodding til inntekt for Opne dører og servering står på programmet. Det første formiddagstreffet i 2023 blir avslutta med gang rundt juletreet.

Jula feirar vi til minne om Jesu fødsel. Gud blei fødd som eit lite barn i Betlehem. Han kom til verda for å bli Frelsaren vår.

Vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus!

Med ønske om ei velsigna jul og eit fredfullt nyttår frå Ulsteinvik Indremisjon.