Månedens misjonsland er Etiopia

Kolekt/gaveHjelp oss å fortsette arbeidet, ditt bidrag hjelper. Sjekk nlm.no sine sider for misjonsinfo og andakter.Nå kan du gi gave med Vipps #101108 til Ulsteinvik misjonslag NLM
I dag er det 100 år sidan Ulsteinvik bedehus vart innvigd. 5.februar 1921 var vigslingsdagen for det nye bedehuset.
Det gamle bedehuset var vigsla i oktober i 1876. Det var det første bedehuset som blei reist på bygdene på Sunnmøre .Før dette samlast dei nye kristne i heimane, men då husa blei for små, blei bedehuset bygd. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa 5.august 1883.
Vi hadde planlagd ei feiring av 100 – års – jubileet denne helga, men korona-epidemien har gjort at dette må utsetjast. Vi ser fram til å ha ei markering av jubileet på seinsommaren.
Etter jul har møteaktiviteten i bedehuset vore sterkt avgrensa, med det er tillatt å samle 10 personar til møte. Dersom det kjem fleire, kan vi samlast i ulike rom. Kvar tysdag framover har vi samlingar om bibel og bønn.
Det er tillatt med samlingar for barn og ungdom under 20 år . Onsdag 10.februar har ungdomsgruppa samling(frå 8.klasse og oppover), og det er møte i Davids Grotte(5.-7.klasse) onsdag 17.februar.
Vel møtt i Ulsteinvik bedehus
Grunna koronaen er det få møte vi kan arrangere i bedehuset no, men nokre samlingar kan vi ha i samsvar med smittereglane:
Tysdag 26. januar kl.19.30: Samling om bibel og bønn. Dersom vi blir fleire enn 10 personar på møtet, må vi bruke andre rom i bedehuset.
Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Arrangement er tillatt for personar under 20 år.
Søndag 31.januar kl.11.00: Felleskristen bønnevandring kl.11.00. Oppmøte på parkeringsplassen ved Amfi.
Møte for barn -og ungdom under 20 år er tillatt:
Onsdag 23.januar kl.18.00: Davids Grotte. Aldersgruppa: 5.-7.klasse
Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Aldersgruppa: Frå og med 8.klasse og oppover.
Styresmaktene har vedtatt at vi ikkje kan samlast meir enn max 10 stk. til Gudsteneste/møte i Gudshusa våre dei 2 komande søndagane. Vi i Filadelfia inviterer alle medlemmer og andre medlemmer i dei «kristne båtlaga» i Ulstein til å vere med på «Vandregudsteneste»/bønnevandring fk. søndag kl 11:00. Filadelfia står for det praktiske med h.h.t smittevern.mm. Nokre frå Filadelfia vil bere refleksvest.
Tenkt opplegg ( ikkje 100%) spikra
Oppmøte kl 11:00 parkelingsplassen framfor Amfi i retning rundkjøringa.
Kort orientering appell.
Vi går utover forbi Bibelsenteret der vi stopper og ein ber for det båtlaget.
Vi går videre til Filadelfia der vi stopper og ein ber for det båtlaget.
Så til plenen framfor Rådhuset der 2 – 3 stk. ber for DNK /Fredheim .. Kongehuset – og styresmaktene
Så går vi forbi Bedehuset, stopper og ein ber for det båtlaget .
Videre fylgjer vi gangvegen ned forbi Almegjordet barnehage forbi Shell og til området rundt Gullblokka.
Her ber vi for næringslivet i distriktet og alle arbeidsplassane for alle som bur i kommuna og kommunene rundt oss.
Vi veit at det er mange som har hatt og har sin arbeidsplass bl.a både på Kleven og Ulstein / Kongsberg
Desse bedriftene har også generert fleire jobber for andre bedrifter og virksomheiter.
NB! PÅ denne bønnevandringa skal fokuset vere på Menighetsliv, Pademien, arbeidsplassane og dei styrande i fedrelandet. … ikkje enkelte interessesaker.
Vi skal ikkje gløyme dei involverte av katastrofen i Gjerdrum kommune.
Sluttappell
Dersom det vert muleg og vi kan halde den nødvendige avstanden, så vert det tatt nokre enkle kjende sangkor under veis (utan instrument)
Vandregudstenesta vert avslutta her.
NB! Vi MÅ fylgje alle retningslinene for smittevern(avstand).. spesielt når vi stanser opp.
For å vite kor mange som vil/kan delta så blir det påmelding via SMS. husk navn må skrives i SMS..
Påmelding
Arnt Vidar 99012005
Jarle 90075242