Om oss

Ulsteinvik bedehus er eigd av Ulsteinvik Indremisjon.

Ulsteinvik Bedehus

Velkommen til Ulsteinvik Bedehus

Historisk tilbakeblikk:

Det skjedde ei åndelig vakning på Hareidslandet i 1870-åra. I Ulstein samlast ein fast flokk rundt Johannes P. Skeide på Vollane. I ung alder kom han til liv i Gud og steig etter kvart fram som ein lekmannshøvding i bygda. I hans heim tok dei til å halde private møter, men på grunn av veksande frammøte måtte dei tidlig flytte møta til skulehuset på Halsen. Då dette også vart for lite, vart ein samd om å bygge eit større forsamlingshus. Lister der folk kunne skrive seg for pengegåver til bygget vart sendt rundt. Huset vart for det meste bygd på dugnad.

Osnes Bedehus stod ferdig og vart vigsla i oktober 1876.

Sjølv om mange møter framleis vart haldne i heimane og på skulen, fekk Osnes Bedehus svært mykje å seie som sentrum for det kristne lekmannsarbeidet i Ulstein. Ein reknar med at Osnes Bedehus var det første bedehus som vart bygd på landsbygda på Sunnmøre.

I 1889 vart det vedteke å bygge ein gamleheim like ved bedehuset. Indremisjonsforeininga ville no engasjere seg sterkare for dei eldre og sjuke i bygda. Heimen vart ført opp ved sida av bedehuset, og Andreas L. Osnes gav gratis tomt til bygget. Dette var eit pionerarbeid. Den første gamleheimen på Sunnmøre og ein av dei første i landet. Bygget kosta Kr. 2.570,45 og pengane vart innsamla mellom folket i bygda.

På vigslingsdagen 24. april 1891 var m.a. «kandidat» Anders Hovden med som talar. Det var 10-12 plassar på heimen, og i dei ca. 70 åra han var i drift var det fullt belegg heile tida. Petra Skeide g. Olaviussen var første tilsette «forstanderinne». Første heile driftsåret var utgiftene på Kr. 809,87. Siste driftsåret var utgiftene komne opp i Kr. 18.540,08. Siste styrar var Ellen Roppen, som arbeidde ved heimen frå 1937 til 1959.

Osnes Bedehus var 19 alner langt og 14-15 alner breidt. Huset hadde galleri i begge endane, og talarstolen stod på langveggen. I 1886 vart det reist eit tilbygg til bedehuset slik at Sunnmøre Amtskole kunne halde til i huset.

Allereie i 1915 byrja ein å snakke om nytt bedehus i Ulsteinvik, men først i 1920 vart det fart i saka. Gamlehuset hadde blitt for lite og i heller dårlig forfatning. Fleire alternativ vart vurdert, m.a. å bygge ei fløy i vinkel med nordsida, men dette vart forkasta på grunn av at det vart for dyrt. Eit alternativ var også å skrue opp huset slik at ein fekk full kjellar under.

«Bedehussaka! vart igjen drøfta på eit medlemsmøte den 2. mars 1920, og her fekk Joh. R. Hatlø i oppdrag å teikne utkast til eit heilt nytt bedehus. No kom det fart i saka, og alt ei veke seinare vart byggetilfang tinga og arbeidet med å rive gamlehuset tok til den 21. mai 1920. Eit betalt arbeidslag på fem mann saman med frivillige stod for oppføringa. Huset vart noko større enn det gamle huset. Inngangen var på gavlveggen mot aust med trapp opp frå hovedvegen. Huset vart vigsla 5. februar 1921 og kosta Kr. 35.245,85. Derav Kr. 28.000,- i lån, og som landhandlar A. Johannessen garanterte for på ein gunstig måte.

Midt på sekstiåra vart det reist eit tilbygg til bedehuset på baksida. Tilbygget romma garderobe og meir tidhøvelege toalettforhold. Samstundes vart inngangen flytta over på nordsida.

I 1972 kom det fra ynskje frå ungdomane om å ominnreie matsalen i kjellaren til eit øveleg lokale for yngstes og ungdomsarbeid. Resultatet var full fornying av kjellaretasjen, nytt kjøkken og ei triveleg peisestove. Det har vore lagt vekt på at Ulsteinvik bedehus skal vere i orden og godt vedlikehalde.

Kjelde:
Boka «Sunnmørsk Bedehusland» av Kjell Furnes.