Månedlige arkiver: november 2014

Samlingar på bedehuset ved Oscar Nordbø

Levande tru

Tysdag 25., onsdag 26. og fredag 28.november vert det møte på bedehuset kl.19.30


Temaet for møta blir: « Salmane – Å tale sant om livet».

Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er Salmane vi skal sjå nærmare på.

”Da alt raknet i mitt trosliv, var Bibelens salmer det eneste jeg maktet å holde fast i. Alt annet ble ubrukelig.” skriv Vårt Land-journalist Erling Rimehaug. Og han legg til at dette er det ikke berre han som har erfart. Dette er kyrkja si er erfaring. Kvifor er akkurat desse bibelske tekstane, Salmane, så meiningsfulle til alle tider?

Saman skal vi prøve å nærme oss nokre av dei. Er der noko eg kjenner meg att i, noko som kan tale til meg der eg er i livet? Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.

Det blir ei uformell ramme, med enkel servering, så ein kan la samtalen gå ved borda.

 

Alle vel møtt !

Arr: Ulsteinvik Misjonslag NLM.