Månedlige arkiver: januar 2015

«Søndag 11» og nytt frå Etiopia

Ragnhild og Temesgen jenter_internat_filtu_full

Søndag 1. februar er det nytt « Søndag 11» på bedehuset. Per Helge Myren blir med som talar på møtet. Han har vore her mange gongar før, både på bedehuset og ikkje minst i Tryggheim barnehage. I unge år var han og familien i Afrika, som utsendingar for NLM, og no er dotter med familie utsendingar i Etiopia. Ringen er på ein måte slutta.

På møtet søndag får vi også korte glimt frå arbeidet i Etiopia, og frå dei oppgåver Ragnhild og Temesgen har der. Ragnhild er utdanna sjukepleiar, Temesgen er teolog.

Etiopia ligg på Afrikas horn og grenser mot Somalia, Eritrea, Sudan og Kenya. Landet er over tre gongar så stort som Norge og busett av over 80 millionar menneske. Det er mange ulike etniske grupper og det er 85 ulike språk i landet. NLM starta arbeid i Etiopia i 1948. I dag prioriterer ein arbeid mellom dei minst nådde folkegruppene i landet, samt engasjement i utdanning ved bibelskular og teologiske seminar. NLM ynskjer også å hjelpe heile mennesket, og er engasjert i landsbyutvikling, utdanning og helsearbeid, i godt samarbeid med lokale kyrkjelydar og styresmakter.

Under talen vert det som vanleg barnemøte for dei yngste, og samlinga vert avslutta med enkel servering. Vel møtt alle !

Vestborgrussen på Ulsteinvik bedehus 17-18.januar.

Vestborgruss_2015

Denne veka er avgangselevar ved Vestborg vidaregåande skule på turne i fylket og i Nordfjord. Turneen vert arrangert i godt samarbeid med regionkontoret for NLM. På vegne av Vestborg-russen er russepresident Peter Hesthaug ( midt i bildet) hovudkoordinator. Han fortel om høge forventningar til veka.

« Dei som har vore russ tidlegare har kome oppglødd attende etter turneen, og no er det endeleg vår tur. Vi har gledd oss til dette lenge», seier han.

-Kva er konseptet ? « Vestborg-russen har blitt delt inn i grupper som skal reise rundt for å halde møter i ulike bygder. Kvar gruppe har med seg ein talar. På møta skal russen ta del med møteleiing, opning og informasjon om Vestborg. Nokre av gruppene vil også bidra med song og musikk. Dessutan skal vi samle inn pengar til russeprosjektet vårt i Japan. »

-Kva forventingar har dokke ? « Det skal bli kjekt å bli kjend med personar som ein ikkje kjenner frå før, men eg trur det også skal bli kjekt å bli endå betre kjend med dei som ein er på gruppe saman med. »

Gruppa som kjem til Ulsteinvik har med seg Mangor Harestad som talar. Russen har kveldsmøte på Ulsteinvik bedehus 17.1 og tek del på « Søndag 11» den 18.1. Søndagsmøtet blir som vanleg med eige barnemøte under talen og avslutta med enkel mat og kaffi.

Ver med og støtt misjonsprosjektet og kom på møta du også !.

Arr: Vestborg vg. skulel og NLM.