Månedlige arkiver: juni 2022

Sommersamlinger 2022

Sommaren i Ulsteinvik bedehus.

I morgon, onsdag 22.juni kl.19.30  startar sommarkveldane opp i
Ulsteinvik bedehus. Sjølv om Per Sævik har det travelt med å få ferdig
arbeidet med skipa til kystruten, tar han seg tid til å vere forkynnar
også. Han skal tale på samlinga i morgon kveld, og vi får song av
søstrene Anne Marte og Cecilie Lillebø.

Seinare i sommar, onsdag 6.juli får vi besøk av Ingebjørn Vingen. Han
bur i Brattvåg, men er opprinneleg frå Rogaland. Onsdag 20.juli får vi
besøk av Reidar Almedal. Han er her frå Ulsteinvik, men studerer no i
Bergen. 3.august får vi besøk av Eggil Straume frå Volda.

På dei andre onsdagane i sommar er det samling om bibel og bønn. Vi
samtalar om tekstar frå Johannesevangeliet og bed for dei ulike
bønneemne som blir nemt.

Vi skal også ha eit formiddagsmøte, søndag 3.juli kl.11.00. Det er Lys
over land som arrangerer møtet.

Laurdag 11.august kl.18.00 får vi besøk av Misjon Sarepta. Hans Bergane
både talar og syng denne kvelden.

Vel møtt alle til sommarsamlingane i år!

Pinse

1.pinsedag – søndag 5.juni kl.19.00 får Ulsteinvik besøk av Elieser.
Båten frå Den Indre Sjømannsmisjon reiser langs heile kysten med
evangeliet. Mannskapet ombord på Elieser vil forkynne evangeliet og
synge bodskapen om Jesus. Servering blir det også denne pinsedagskvelden.

2.pinsedag – måndag 6.juni kl.11.00 blir det samling i Ulsteinvik
bedehus. Vi får besøk av Kjell Furnes som i høg alder auser frå kjeldene
i Guds Ord. Under talen til Kjell blir det søndagskulesamling i
peisestua i kjellaren leia av Silje og Per Ivar Meinset. Det blir også
nattverd på dette formiddagsmøtet. Samlinga blir avslutta med servering.

Vel møtt i pinsa!