Forfatterarkiv: Jan Erling Davidsen

Vel møtt til desse samlingane denne veka:

Onsdag 14.januar kl.19.00: Vi får besøk av Vestborgrussen. Kåre Lid er talar. Tre elevar vil vere med han med ulike programinnslag.

Torsdag 15.januar kl.19.00: Lys over land har møte. Jan Harald Roaldsnes talar.

Søndag 18.januar kl.11.00: Første søndag 11 i 2026. Marita Stang har andakt. Ho vil tale til små og store. Det blir servering.

Velkommen!

formiddagstreff

Vi inviterer til formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus, i morgon onsdag
7.januar kl.11.00. Det første formiddagstreffet i 2026 er også ein
julefest. Vi får besøk av Irene Krokeide Alnes som vil tale og synge til
oss. Det blir servering og utlodding. Festen blir avslutta med gang
rundt juetreet.

Ulsteinvik Indremisjon

BASAR I ULSTEINVIK BEDEHUS

Ulsteinvik Indremisjon inviterer til den årlege basaren i Ulsteinvik bedehus komande laurdag 18 okt..

Basaren startar kl.16.00. Dette er gjort for at det ikkje skal bli for seint for barnefamiliane, og mange eldre likar heller ikkje at starttidspunktet for basaren blir for seint på ettermiddagen.

Ulsteinvik bedehus er over hundre år gammalt, og behovet for oppussing av det gamle bedehuset er stort. I år har ein starta med å renovere inngangspartiet til hovudinngangen i bedehuset. Storsalen har fått nye elektriske omnar, og det er kjøpt inn nye bord. Målingsarbeid er også utført inne i storsalen. Dei siste åra har særleg straumprisane auka, og det er derfor også viktig at ein maktar å samle inn nok midlar til drifta gjennom året.

Kvar veke skjer det mange aktivitetar. Det er eit tilbod til barn og unge i bedehuset, og dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar gjennom året.

Det blir sal av årar på basaren.Trekking av ei loddbok med mange fine gevinstar.Sal av smørbrød og kaker står på programmet.

Arve Fiskerstrand held andakt denne ettermiddagen.

På fredag ettermiddag mellom kl.16.00 og 18.00(dagen før basaren) er det høve til å komme til bedehuset med gevinstar.Sjå annonse om basaren i Vikebladet i dag!

Vel møttt alle til basaren i bedehuset komande laurdag.

Ulsteinvik Indremisjon

Edvard Foss besøker Ulsteinvik bedehus,

Edvard Foss besøker Ulsteinvik bedehus, onsdag 17.september og torsdag18.september, kvar kveld kl.19.00. Han talar over temaet: Ved nådensrike bord.Foss er leiar for Indremisjonsforbundet sitt arbeid i Finnmark. Han harogså vore lærar ved Bildøy bibelskule.Det blir song av Iver-Olav Grimstad og God Bodskap på møta.Vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus.

Sommarkveld i Ulsteinvik bedehus

Vi ønsker velkommen til sommarkveld i Ulsteinvik bedehus – onsdag 6.august kl.19.00.

Komande onsdag får vi besøk av Ingbjørn Vingen. Han er frå Kvitsøy iRogaland, men bur no i Brattvåg.

Denne kvelden blir det også song av Linda og Paul Arne Ulstein.

Sommarkvelder  i Ulsteinvik bedehus

Vi inviterer til den første  sommarkvelden  i Ulsteinvik bedehus i år.
Onsdag 25.juni kl.19.00 talar Reidar Almedal i bedehuset.

Han er frå Ulsteinvik, men studerer no på Norsk Lærarakademi i Bergen. Ved sidan av studiet på NLA har han også ei deltidsstilling i Salem, Misjonssambandet si forsamling i Bergen.

Det blir samlingar kvar onsdag i bedehuset i Ulsteinvik denne sommaren.
Annankvar onsdag er det samling om bibel og bønn, og annankvar onsdag får vi besøk av ein forkynnar.

Vel møtt til samlingane!