
Månedens misjonsland: Nord-Afrika


Onsdag 1.februar kl.11.00: Formiddagstreff. Walde-huset. Heidi Aarseth/Vidar Godø. Utlodding. Servering.
Denne veka får Ulsteinvik bedehus besøk av Torgeir Nygård frå Konsmo i Indre Agder. Sørlendingen kombinerer arbeidet som tømrar med å ta på seg forkynnaroppdrag. Nygård er no i tredveåra., men opplevde som barn at Gud greip inn og berga han. Ein vinterdag fall han utfor eit stup og blei sterkt skada, men opplevde eit Guds under og blei frisk igjen.
Dei siste åra har Nygård vore engasjert i Harilastiftinga Håp. Denne organisasjonen driv hjelpearbeid i Russland, Estland og Israel. I samband med evangeliseringsarbeid driv dei og eit stort diakonalt arbeid. I nærleiken av Vyborg og St. Petersburg har dei bygd opp eit rehabiliteringssenter for rusavhengige, eit senter for gatebarn, eit eldresenter og ein kombinert landbruks – og bibelskule.
Samlingane startar i kveld, tysdag. Frå onsdag blir det bønn ein halvtime før møta. Songkrefter vil også delta på møta. Vi får mellom anna besøk av songgruppa Adonai frå Valderøya. Servering blir det på fleire av samlingane. Møta avsluttast på søndag formiddag med søndagskule i peisestova under talen og nattverd. Sjå detaljar om møta i annonsa i Vikebladet sist fredag.
Møtar startar:
Tirsdag til fredag kl.19.30
Laurdag kl.18.00.
Søndag kl.11.00.
Siste torsdag i januar får vi besøk av Gunnar Hamnøy med fleire frå organisasjonen North South Partnership – Aid. Dei driv eit omfattande hjelpearbeid i Kenya.Elevar frå Ulstein vidaregåande skule har samla inn midlar til dette arbeidet i Afrika, og nokre av elevane frå UVS vil fortelje frå reisa si til Kenya. Dagen etter, fredag besøker båten Elieser frå Den Indre Sjømannsmisjon igjen Ulsteinvik. Båten blir liggande ved kommunekaia. Laurdag kjem den unge forkynnaren Elias Østerhus frå Misjon Sarepta til bedehuset. Linda og Paul Arne Ulstein vil synge, og servering blir det og denne laurdagskvelden.Siste søndagen i januar har frikyrkja søndagsfest på formiddagen i bedehuset.
Samling om bibel og bønn blir på måndag formiddag dette halvåret. Ein vil samtale om emne frå Apostelgjerningane framover.
Annankvar tysdag er det ungdomsgruppe i bedehuset. Ungdommar frå 8.klasse og oppover er velkomne. Annankvar onsdag har 5.-7.klasse samlingar i bedehuset. Her har dei aktivtetar, servering og andakt på møta sine.
Vel møtt til møta i januar i Ulsteinvik bedehus.
Grunna covid-19 blei den tradisjonelle julefesten i Ulsteinvik bedehus avlyst i fjor, men i år blir den arrangert igjen på torsdag 29 des.kl. 17.00 i romjula.
I år er det ein av lærarane på Møre barne-og ungdomsskule, Marita Stang som skal halde andakta, og musikklærar på bibelskulen på Bildøy, Anne Marte Lillebø vil også delta. Ho vil synge til oss og spele til songane når vi går rundt juletreet. Under julefesten blir det musikkinnslag. Servering blir det også på julefesten. Sjå annonse om julefesten i Vikebladet i dag.
Formiddagstreffa i Ulsteinvik bedehus startar opp onsdag 4.januar. I fjor blei det kombinerte formiddagstreffet og julefesten avlyst grunna koronaen, men i år er arrangementet tilbake igjen. Olaug Lillian Bjørke vil både tale og synge denne onsdagen. Utlodding til inntekt for Opne dører og servering står på programmet. Det første formiddagstreffet i 2023 blir avslutta med gang rundt juletreet.
Jula feirar vi til minne om Jesu fødsel. Gud blei fødd som eit lite barn i Betlehem. Han kom til verda for å bli Frelsaren vår.
Vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus!
Med ønske om ei velsigna jul og eit fredfullt nyttår frå Ulsteinvik Indremisjon.
Grunna nokre kolllisjonar med andre arrangement må vi flytte
ungdomsgruppa frå onsdagar til tysdagar. Dette fører også til at
samling om bibel og bønn må flyttast frå tysdagar til onsdagar.
Endringar lagt inn i møteoversikten
Grunna sjukdom hos talaren må vi endre programmet i Ulsteinvik bedehus
til komande helg, 9.-11.september:
Fredag 9.september kl.19.30:
Tale av Kari Ristesund. Song av Linda og Paul Arne Ulstein.
Laurdag 10.september kl.18.00:
Tale av Egil Straume. Song av Gro Hofseide. Servering.
Søndag 11.september kl.11.00:
Tale av Solfrid Ulstein Riise. Servering. Søndagskule. Nattverd.
Den første onsdagen i kvar månad denne hausten blir det formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus. På formiddagstreffa er det andakt, song, utlodding og servering. Dei startar alltid kl.11.00.
Onsdag 7.september får vi besøk av Johanne Leinebø. Ho er frå Herøy, men har i mange år vore misjonær på Madagaskar. Dei siste åra har ho særleg arbeidd med omsetting av bøkene i Bibelen til ulike stammespråk på den fjerde støste øya i verda. Inntekta av utloddinga denne formiddagen går til dette omsettingsarbeidet. Det vil også bli trekking av eit maleri av Roy Andre Dahl til inntekt for bedehuset i Ulsteinvik.
Onsdag 5.oktober kjem Monica og Hallvard Roaldsnes til Ulsteinvik. Dei både syng og talar. I mange år har dei vore engasjert i Israelsmisjonen sitt arbeid, og dei vil fortelje om organisasjonen sitt arbeid både i tidlegare tider og i tida framover.
Onsdag 2.november vil Aud og Johan Halsne delta på formiddagstreffet. Aud er leiar i Plussreiser, og ho vil informere om nye reiser som er planlagd framover.Johan er krinsleiar i IMF- Sunnmøre, og han vil tale til oss. Vi kan glede oss til vakker duettsong av desse to denne novemberdagen.
Onsdag 7.desember kjem Kari Laila og Ove Aksnes. Denne formiddagen vil vere prega av at det er adventstid, og gjennom forkynning og song vil dei førebu oss til den store høgtida som ventar oss.