Månedlige arkiver: mars 2014

Møteveke med Thor Ingvald Lauvrak

Tor-Ingvald-Lauvrak

 

Denne unge karen har vore her i området før, og svært mange gler seg til at han no vil kome tilbake. Thor Ingvald Lauvrak har vore forkynnar i Indremisjonsforbundet heilt sidan han var tidleg i 20-åra, og har altså no halde på i over ti år.

Han bur i Rogaland, og når han ikkje er på talarstolen, sit han bak trailer-rattet og køyrer langtransport. Han er også dyktig med fiskestonga, så fisken i havet er ikkje heilt trygg når han kjem til Søre Sunnmøre.

Det blir møter på bedehuset kvar kveld, med god forkynning, mykje sang og vitnemål! Sett gjerne av ein eller fleire kveldar og bli med. Du vil bli overraska av kor mykje denne unge karen har å formidle frå Bibelen. Han talar direkte, klart og enkelt og på ein slik måte at alle kan forstå!

Sjå video om han her: Livet i misjonen

Tysdag-fredag kl.19.30.
Søndag kl.17.00.

Fredag får vi song av God bodskap.
Laurdag kjem Ulstein Soul Children og Herøy  gospelkor.Velkomen!

«Søndag11» på Møre 23.mars

Martha og Edgar Paulsen

Førstkomande søndag er det formiddagsmøte på Møre barne og ungdomsskule.

Det er Oscar Nordbø som skal tale, og han er på heimebane! Han er tilsett i NLM og bur i Herøy, så han har kort veg denne søndagen! Han er stadig på farten for misjonen og reiser også gjerne heilt til Afrika for å forkynne Guds Ord.

Sangevangelistane Martha og Edgar Paulsen er i Ulsteinvik denne veka, og dei vil også ta turen til Møre søndag. Dei vil delta med vitnemål, sang og musikk. Det er flott at dei kan vere med på denne samlinga før dei reiser tilbake til Trøndelag. Mange i Herøy kjenner dei godt frå tidlegare møter, turar og stemner.

Det blir søndagsskule i amfiet og servering i aulaen, kollekt til NLM.

Vi ønsker små og store, unge og gamle velkomne til ein fin og innhaldsrik formiddag på Møre barne og ungdomsskule!

Arr Søndag 11 komiteen, NLM/IM

Mongoliakveld ved Mette Goa Hugdal

   Mette_Hjalmar     OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fredag 14.mars kl 19.30 vert det misjonskveld med fokus på Mongolia. Misjonssambandet har hatt arbeidet i dette landet frå 1994. Mette og Hjalmar Hugdal med familie var mellom dei fyrste utsendingane frå NLM.

Mongolia reiv seg laus frå det russiske kommunistregimet og vart ein sjølvstendig nasjon i 1992. Alt 2 år etter fekk NLM høve til å starte med bistandsprosjekt innan landbruk og helse.Internatjenter_BoyantSoumnomads-day-4

Mette Goa Hugdal er utdanna sjukepleiar og diakon og er no busett med familien sin på Ler i Trøndelag. Dei har arbeidd mange år i Mongolia og kom sist attende til Norge sommaren 2013.

Denne veka har Mette møter i regionen, og skal vere med på kvinnesamling på Rjånes laurdag 15.mars. På bedehuset vil ho dele frå Guds ord og gi oss nokre glimt frå Mongolia, frå land og folk og frå arbeidet NLM har vore og framleis er engasjert i. M.a er arbeid knytt til helse framleis viktig del av arbeidet. NLM er også engasjert i barns rettar. Mange barn frå nomadefamiliar bur på internat på tettstadane. NLM støttar også kristent forsamlingsarbeid.

Mette har ei eiga evne til å formidle og engasjere. Vel møtt til ein spennande misjonskveld på bedehuset og inviter gjerne nokon med deg.

Arr: Ulsteinvik Misjonslag NLM
Foto: Mette Goa Hugdal, Gunn Anderson