dette er en test som vil forhåpentligvis ligge øverst på hovedsiden
OLE GUNNAR HEGLE TIL ULSTEINVIK BEDEHUS
Torsdag 24.september kl. 19.00
Komande torsdag kveld får Ulsteinvik bedehus besøk av Ole Gunnar Hegle. Han er ein av dei unge og nye forkynnarane i Misjon Sarepta. Hegle er frå Nærbø på Jæren, men bur no i Kristiansand. I tillegg til å forkynne Guds Ord er han kjend som ein dyktig songar og pianist. Denne kvelden vil han også spele panfløyte.Sjå annonse i Vikebladet i dag!
Det er Misjon Sarepta som arrangerer møtet. Denne misjonsorganisasjonen arbeider i hovudsak i Spania, men har også forkynnarar som reiser rundt i dei nordiske landa. Formålet er å forkynne evangeliet slik at fleire kan få høyre den gode bodskapen om Jesus Kristus.
Misjon Sarepta
Stormøte med Stian Bras(test innlegg)
Laurdag 23.august kl.17.00
Dette er et test innlegg ,som vil bli fjernet etter en stund
oppdatert møteoversikt
Møteoversikt for høsten 2026 er oppdatert.
FORMIDDAGSTREFFET SIN TUR TIL ÅLESUND OG SJØHOLT ONSDAG 3.JUNI KL.8.30
Viktig informasjon til deltakarane på formiddagstreffet sin busstur til Ålesund og Sjøholt, onsdag 3.juni kl.8.30: Grunna rushtrafikken og vegarbeid i Vegsund og på Lerstad vil bussturen onsdag 3.juni starte frå Ulsteinvik bedehus kl.8.30.MERK TIDA!
Det er viktig at vi møter presis! Ta med kle som passar til veret! Vi vil vere i den same bussen heile dagen så vi kan ha kle og veske liggande i bussen dersom vi ønsker det.Vi skal ha to måltid under turen, men det første måltidet er ei enkel servering slik at det kan vere fornuftig å ha med i veska ei lita niste og ei flaske med vatn.
Turen kostar 800 kroner per person. Betalinga kan sendast til Ulsteinvik Indremisjon sin konto: 4137.30.22703. Vi bruker ikkje vipps denne gongen. Er noko uklart, ring 48304584
Ulsteinvik Indremisjon
Pinsemøte
I fleire år har Ulsteinvik bedehus arrangert ei pinsesamling i
Ulsteinvik bedehus 2.pinsedag om formiddagen. I år får vi besøk av ein ung talar frå Ålesund. Han heiter Christian Frøystad, opprinneleg frå Frøystad i Herøy. Denne måndagen blir det også søndagskule, nattverd og servering.Sjå annonse i Vikebladet i morgon, fredag. Vel møtt til samling om pinsa sin bodskap.
Ulsteinvik Indremisjon
Ulsteinvik Indremisjon ønsker velkommen til bibelhelg i bedehuset,27.februar – 1.mars
Komande helg får vi besøk av Asbjørn Kvalbein frå Oslo. Kvalbein hartidlegare vore redaktør i misjonsbladet Utsyn og rektor ved GimlekollenMediesenter i Kristiansand.
Han har skrive fleire bøker og kjend frå eirekke program på ulike TV-kanalar. Denne helga har han tema frå1.Tessalonikarbrev.
Møta startar fredag kl.19.00 og held fram med samling laurdag kl.18.00.Ulike songkrefter deltek, mellom anna musikklaget.
Servering av kveldsmat på laurdagskvelden. På søndag er det formiddagsmøte kl.11.00.Her blir det nattverd, søndagskule og servering.
Vel møtt til samlingane komande helg!



