Historisk tilbakeblikk

Historisk tilbakeblikk på Ulsteinvik indremisjon

SKIPINGA

Nils Christian Anker kom til Ulstein frå Ramnes i Vestfold. Han høyrde til den prestegenerasjonen Gisle Johnson hadde fått prege. Anker hadde nok vore ein del i kontakt med indremisjonen austpå og det var naturleg at han også tok kontakt med dei ”vakte” i Ulstein.
Skipingsmøtet for Ulsteinvik Indremisjon vart halde på bedehuset, søndag 5. august 1883. Soknepresten heldt foredrag om ”den indre missions oppgave og virkemidlert”. Deretter vart medlemmene innskrevne, lovene vedtekne og møtet valde det første styret. Dette besto av Johannes P Skeide, Johannes Osnæs, Martinus Bjørndal, Rasmus Ulfsten og soknepresten. Han var sjølvskriven etter lovene. Varamenn var Augustin Busæt og Andreas L. Osnæs.
Styret konstituerte seg på eit seinare styremøte med Anker som formann, Skjeide som nestformann og Ulfsten som kasserar.
Heil frå starten av sto Ulfstens forening for den indre mission tilslutta Søndmøre Fællesforening (dvs noverande Sunnmøre Indremisjon – skipa i Ålesund 1. desember i 1882).

GAMLEHEIMEN
Allereie på årsmøtet i 1884 var fattigpleie eit diskusjonstema og det vart vedteke med suverent fleirtal å gjere noko for dei fattige som ikkje ønska å ta kontakt med den offentlege fattigpleia. Dette hjelpetiltaket var eit fast innslag i foreininga sitt arbeid i åra som følgde. I 1889 var tiltak for gamle eit viktig tema. Innleiaren reiste spørsmålet om det ikkje skulle reisast ein heim for eldre og sjuke slik at dei kunne få skikkeleg og kjærleg stell. I protokollen er ført: ”Man besluttet i Jesu navn at sætte et sådant foretagende i gang.” Det vart bygt ein gamleheim vegg i vegg med bedehuset. Andreas L. Osnæs ga gratis tomt.
24.04.91 vart gamleheimen vigsla. Mellom talarane var kandidat Anders Hovden. Petra Skeide vart tilsett som forstanderinne. Indremisjonsstyret var også styre for gamleheimen, og fekk såleis masse praktiske og økonomiske utfordringar i samband med drifta. Heimen var i drift i 70 år og vart lagt ned då den nye kvileheimen til Ulstein kommune vart bygd i 1959. Det var 10-12 plassar ved heimen. Siste styraren var Ellen Roppen.

BEDEHUSET
Osnes bedehus stod ferdig og vart vigsla i 1876. Osnes bedehus fekk svært mykje å seie som sentrum for det kristne lekmannsarbeidet i Ulstein. Dette bedehuset var det første bedehuset som var bygd på Hareidlandet, og på Sunnmørsbygdene i det heile. I 1915 tok ein til å snakke om å bygge nytt hus. Osnes bedehus var blitt for lite og var i heller dårleg stand. I tida under og straks etter første verdskrigen var det mykje pengar mellom folk, og styret i var nok i etterkant litt lei seg for at dei ikkje sette igong byggearbeidet medan det ennå var gode tider.
Johannes R. Hatlø teikna eit heilt nytt bedehus og vart formann i byggekomiteen for det nye huset. Grunnsteinen vart nedlagt 17. august av sokneprest Søren S Nyhagen. Eit nytestamente, ei bok om indremisjonen, eit eksemplar av Årvak og tre prospektkort med motiv frå Ulsteinvik vart støypt inn i muren. Huset var vigsla 5. februar 1921 og var fullsett i salen og på galleriet då Johannes Hatlø kunne overlevere bygget til formannen i Indremisjonen, Martinus Osnes. Dei samla utgiftene til bygginga var på 35.245,85 kroner. Foreininga sleit fælt med å få betalt dette ned, og huset var først gjeldfritt i 1944. Då sto ein føre nye investeringar. Frå gamalt hadde ein berre bruksretten til tomtene, men etter at gamleheimen og uthusa vart rivne, kjøpte foreininga gamleheimstomta og fekk bedehustomta. Då hadde ein orden på parkeringsplass og tilkomstveg.
Ulsteinvik bedehus har vore fullt belagt med møte for dei ulike kristne arbeidslaga.

MØTEVERKSEMDA
Møter med tilreisande emissærar har vore den viktigaste møteforma heile tida indremisjonen har hatt forening i Ulstein. Før forrige hundreårskiftet var det også nokre kolportørar som besøkte bygda, gjekk frå dør til dør og selde bøker på dagtid, og hadde møte om kvelden. Emissærane som kom til Ulstein var stort sett lekmenn frå Sunnmøre.
Indremisjonen har hatt offerveker, bibelveker, postille-lesning, formiddagsmøte, søndags kveldsmøte, ungdomsmøte, kvinneforening, basar, barnemøte etc. Indremisjonen har vore oppteken av å ta opp emne som gjekk på det åndelege livet til den einskilde.

VEKKJINGAR
Det står lite å lese om vekkjing med utgongspunkt i bedehuset før ein kjem til året 1943. Då var det samanhengande møteverksemd på bedehuset i tre månader ved Arne Helseth Dyrset. I 1956 var det vekking ved Artur Birkeland frå indremisjonen. I 1968 stod først Gunnar Hamnøy og Inge Ulstein frå Misjonssambandet i vekkjing i Ulstein i sju veker. Om hausten kom Karl Giske og Håkon Ulstein og vart ståande i fem samanhengande veker. Våren 1980 var det igjen vekking på bedehuset. Steinar Harila var talar denne gongen. Han sto 3 veker på bedehuset, men då dette vart fullt, måtte møta flyttast til kyrkja der det heldt fram i to veker til. Også seinare har ein opplevd rike tider på bedehuset der menneske har kome til liv i Gud. Både Gunnar Hamnøy og Steinar Harila har også seinare stått i vekkjingssamanheng i Ulsteinvik bedehus der menneske har kome til tru.
Vekkjinga er etterlengta. Vi ber og arbeider for at menneske skal bli frelst.

ULSTEINVIK INDREMISJON I DAG
Ulsteinvik Indremisjon har først og fremst sitt arbeid på bedehuset, der ein ønskjer å formidle ei forkynning som kan føre menneske til Jesus. Det blir arrangert ca 2 møteveker kvart halvår for indremisjonen. Gjerne er dette ei bibelveke og ei evangelisk veke. Ulsteinvik Indremisjon har barnearbeid gjennom yngstes og ungdomsarbeid gjennom IUF Adventura.
I og med at det er indremisjonen som eig bedehuset er det viktig at ein har eit totalt oversyn over aktiviteten på bedehuset. Det er sett på som positivt at ein kan fordele møta på ein god måte mellom dei ulike misjonsorganisasjonane. Møteaktiviteten har nok avteke noko på bedehuset som følgje av at små organisasjonar ikkje har råd lenger til å la løna medarbeidarar stå i heile møteveker. Indremisjonen og Misjonssambandet tek ansvar og sørgjer for at det er møter på bedehuset anten med tilsette arbeidarar, frivillige arbeidarar utanfrå eller eigne medlemmer.

DEI SOM TOK ANSVAR
Desse har vore formenn i Ulsteinvik Indremisjon:
1883 – 1894 Nils Christian Anker
1894 – 1900 Carsten Hansteen
1900 – 1924 Martinus L. Osnes
1924 – 1925 Olaus Alme
1925 – 1933 Johannes O. Ulstein
1933 – 1958 Einar Osnes
1958 – 1959 Erling Låbakk
1959 – 1964 Johan Sverre Ulstein
1964 – 1967 Martin Vattøy
1967 – 1968 Hjalmar Holthe
1968 – 1969 Johan Hatløy
1968 – 1973 Martin Vattøy
1973 – 1974 Johan Sverre Ulstein
1974 – 1975 Harald Høyvik
1975 – 1978 Per Sæter
1978 – 1979 Lars Langnes
1979 – 1980 Odd Asbjørn Nybø
1980 – 1984 Olav Hofseth
1984 – 1987 Oddbjørn Ringstad
1987 – 1989 Magne Hofseth
1989 – 1996 Oddvar Hofseth
1996 – Peder Almedal

Ulsteinvik, 28.06.05
Peder Almedal

Dette utdraget kviler tungt på 100-års meldinga som Kristen Ulstein laga i 1983.