Månedlige arkiver: mars 2015

Palmesøndag på bedehuset

Jesus-rider-palmesondagP1050883   NLM_2-RGB   evangelisering_gretehaukelid_crop_edit_full

No nærmar det seg raskt påske og då blir det fleire ulike møter på bedehuset. Fyrst i rekka er » «Søndag 11», palmesøndag. Då er det barnemøte ved Eli Beate og Håvard Ringstad og tale for dei vaksne ved Inge Ulstein. Songar og innhald elles ber preg av påskebodskapen, anten det er for ung eller eldre.

Misjonsinformasjon denne gongen er frå Etiopia, eit land Misjonssambandet har hatt arbeid i sidan 1948. NLM arbeider tett med den lokale Mekane Yesus-kyrkja ( EECMY) for å nå dei minst nådde folkegruppene i landet. Kyrkja veks raskt i medlemstal og har ei stor utfordring i å få utdanna evangelister, teologer og prester nok. NLM er engasjert i utdanning ved bibelskular og teologiske institusjonar.

Etiopia ligg på Afrikas horn og grenser til Somalia, Eritrea, Sudan og Kenya. Landet er over tre gongar så stort som Norge og har over 80 millioner innbuarar med mange ulike etniske folkegrupper og 85 ulike språk. Etiopia er eit fattig land og folket treng hjelp både for kropp og sjel. EECMY og for NLM er difor også engasjert i ulike prosjekt som landsbyutvikling, utdanning og helse saman med kyrkja og styresmaktene.

Vel møtt alle til påskemøta og inviter gjerne nokon med deg !

 

LIVSNÆRT PÅ BEDEHUSET

Tre onsdagar i mars får Ulsteinvik Bedehus besøk av Ole Audun Os frå Misjonssambandet.  Os har vore forkynnar, og ikkje minst ungdomsarbeidar, heile sitt vaksne liv her i fylket. Mange kjenner han frå leirar og korhelger på Rjånes Ungdomssenter.

No inviterer Misjonssambandet i Ulsteinvik til nokre kveldar med overskrift «LEVANDE TRU».  Ei av foreningane har ansvaret, dei inviterer til kveldsmat og legg til rette for spørsmål og samtale.

Ole Os– Kva er det du har tenkt å ta opp, Ole Os?

– Eg har ikkje alt klart, kanskje må noko bli til undervegs.  Men eg vil begynne med eit tema eg har kalla «Når livet blir vanskeleg».  Då skal vi lese ein del frå Jobs bok, ei svært ærleg bok i Bibelen.

– Eit krevande tema?

– Ja, eg kjenner meg så klart liten med eit sånt tema.  Men vi ønskjer at menneske skal møte det livsnære og ærlege på bedehuset.  Og at det skal vere rom for å undre seg og oppdage ting i fellesskap.  Eg blir aldri ferdig med å forundre meg over Bibelen.

Det første besøket blir onsdag 4. mars kl.19 (merk tida!). Velkomen!