Månedlige arkiver: september 2022

Endringer i programmet

Grunna sjukdom  hos talaren må vi endre programmet i Ulsteinvik bedehus 
til komande helg, 9.-11.september:

Fredag 9.september kl.19.30:

Tale av Kari Ristesund. Song av Linda og Paul Arne Ulstein.

Laurdag 10.september kl.18.00:

Tale av Egil Straume. Song av Gro Hofseide. Servering.

Søndag 11.september kl.11.00:

Tale av Solfrid Ulstein Riise. Servering. Søndagskule. Nattverd.

Formiddagstreffa  i Ulsteinvik bedehus

Den første onsdagen i kvar månad denne hausten blir det formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus. På formiddagstreffa er det andakt, song, utlodding og servering. Dei startar alltid kl.11.00.

Onsdag 7.september får vi  besøk av Johanne Leinebø. Ho er frå Herøy, men har i mange år vore misjonær på Madagaskar. Dei siste åra har ho særleg arbeidd med omsetting av bøkene i Bibelen til ulike stammespråk på den fjerde støste øya i verda. Inntekta av utloddinga denne formiddagen går til dette omsettingsarbeidet. Det vil også bli trekking av eit maleri av Roy Andre Dahl til inntekt for bedehuset i Ulsteinvik.

Onsdag 5.oktober kjem Monica og Hallvard Roaldsnes til Ulsteinvik. Dei både syng og talar. I mange år har dei vore engasjert i Israelsmisjonen sitt arbeid, og dei vil fortelje om organisasjonen sitt arbeid både i tidlegare tider og i tida framover.

Onsdag 2.november vil Aud og Johan Halsne delta på formiddagstreffet. Aud er leiar i Plussreiser, og ho vil informere om nye reiser som er planlagd framover.Johan er krinsleiar i IMF- Sunnmøre, og han vil tale til oss. Vi kan glede oss til vakker duettsong av desse to denne novemberdagen.

Onsdag 7.desember kjem Kari Laila og Ove Aksnes. Denne formiddagen vil vere prega av at det er adventstid, og gjennom forkynning og song vil dei førebu oss til den store høgtida som ventar oss.