Komande helg får vi besøk av Asbjørn Kvalbein frå Oslo. Kvalbein hartidlegare vore redaktør i misjonsbladet Utsyn og rektor ved GimlekollenMediesenter i Kristiansand.
Han har skrive fleire bøker og kjend frå eirekke program på ulike TV-kanalar. Denne helga har han tema frå1.Tessalonikarbrev.
Møta startar fredag kl.19.00 og held fram med samling laurdag kl.18.00.Ulike songkrefter deltek, mellom anna musikklaget.
Servering av kveldsmat på laurdagskvelden. På søndag er det formiddagsmøte kl.11.00.Her blir det nattverd, søndagskule og servering.
På årsmøtet til Ulsteinvik Indremisjon sist fredag vart det uttrykt stor takk til bedehusforeninga sitt arbeid gjennom mange år. Bedehusforeninga er ei kvinneforening som har samla inn store midlar til Ulsteinvik bedehus. Mykje av renoveringa av bedehuset som har blitt gjennomført dei siste åra, har kunna blitt gjort grunna dei midlane dei har samla inn. Dei har også hatt ansvaret for gjennomføringa av den årlege basaren om hausten. Dei har skaffa mat til basaren og stått for matsalet på basarkvelden. Bedehusforeninga har skaffa gevinstar til basaren, selt lodd og hatt ansvaret for den praktiske gjennomføringa av utloddinga. Dei har også utført dugnad i bedehuset.Dei vart også takka for det viktige forbønnsarbeidet dei har utført gjennom mange år. Grunna høg alder har dei no bestemt seg for å avslutte foreningsarbeidet, men det vart oppmoda om at yngre krefter måtte ta opp arven og føre arbeidet til denne foreninga vidare. Frå styret i Ulsteinvik Indremisjon blei det overrakt blomar til dei medlemmane av bedehusforeinga som var til stades på årsmøtet.
Årsmeldinga fortalde om stor aktivitet i bedehuset det siste året. Kvar veke er det fleire samlingar i bedehuset. Formiddagstreffa og samlingane på søndag formiddag har godt frammøte. Det er gledeleg å sjå at nye kjem på møta, og at mange kjem frå dei andre forsamlingane i Ulsteinvik. Fleire frå nabobygdene møter fram til arrangementa. Ungdomsgruppa har møte annankvar tysdag, men det kom fram ønske om at barnearbeidet må styrkast. Styret fortalde også om eit fyldig program for året 2026.
Sjølv om det er utført store utbetringar av bedehuset dei siste åra, har bedehuset ein tilfredstillande økonomi.
Stor takk vart gitt til styret for godt arbeid det siste året.
Desse sit i styret i Ulsteinvik Indremisjon:Mathias Riise, Solfrid Ulstein Riise, Rolf Magnus Sundgot, Borghild Ulstein og Synneva Vattøy Ulstein.Vararepresentantar: Oddvar Hofset, Sverre Moltumyr og Ståle Tønnesen. Marit Tronstad Ulstein vart attvald som kasserar, og Bent Vatnehol tok attval som revisor.
Ulsteinvik Indremisjon ønsker alle velkome til bedehuset i 2026!
Vi inviterer til formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus, i morgon onsdag 7.januar kl.11.00. Det første formiddagstreffet i 2026 er også ein julefest. Vi får besøk av Irene Krokeide Alnes som vil tale og synge til oss. Det blir servering og utlodding. Festen blir avslutta med gang rundt juetreet.
Ulsteinvik Indremisjon inviterer til den årlege basaren i Ulsteinvik bedehus komande laurdag 18 okt..
Basaren startar kl.16.00. Dette er gjort for at det ikkje skal bli for seint for barnefamiliane, og mange eldre likar heller ikkje at starttidspunktet for basaren blir for seint på ettermiddagen.
Ulsteinvik bedehus er over hundre år gammalt, og behovet for oppussing av det gamle bedehuset er stort. I år har ein starta med å renovere inngangspartiet til hovudinngangen i bedehuset. Storsalen har fått nye elektriske omnar, og det er kjøpt inn nye bord. Målingsarbeid er også utført inne i storsalen. Dei siste åra har særleg straumprisane auka, og det er derfor også viktig at ein maktar å samle inn nok midlar til drifta gjennom året.
Kvar veke skjer det mange aktivitetar. Det er eit tilbod til barn og unge i bedehuset, og dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar gjennom året.
Det blir sal av årar på basaren.Trekking av ei loddbok med mange fine gevinstar.Sal av smørbrød og kaker står på programmet.
Arve Fiskerstrand held andakt denne ettermiddagen.
På fredag ettermiddag mellom kl.16.00 og 18.00(dagen før basaren) er det høve til å komme til bedehuset med gevinstar.Sjå annonse om basaren i Vikebladet i dag!
Vel møttt alle til basaren i bedehuset komande laurdag.
Tysdag 28.oktober kl.19.00: Bibelkurs på Møre barne – og ungdomsskule,Herøy: Arild Ove Halås talar. Tema: Ja, jeg tror på korsets gåte.
Tysdag 11.november kl.19.00: Bibelkurs på Møre barne – og ungdosskule,Herøy: Torgeir Lauvås talar. Tema: Fange for Kristi skyld.
Tysdag 18.november kl.19.00: Bibelkurs på Møre barne – og ungdomsskule,Herøy: Arild Ove Halås talar. Tema: Ja, jeg tror på korsets gåte.Oddbjørn Brunstad talar. Tema: Matteus sitt prosjekt.
Edvard Foss besøker Ulsteinvik bedehus, onsdag 17.september og torsdag18.september, kvar kveld kl.19.00. Han talar over temaet: Ved nådensrike bord.Foss er leiar for Indremisjonsforbundet sitt arbeid i Finnmark. Han harogså vore lærar ved Bildøy bibelskule.Det blir song av Iver-Olav Grimstad og God Bodskap på møta.Vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus.