Månedlige arkiver: april 2017

Familiesamling søndag 30.april kl.11

«Søndag 11» på Ulsteinvik bedehus førstkomane søndag, får mykje fint besøk. Barnekoret «Spirit» vil kome og glede alle som kjem, med fin og inspirerande sang og musikk. Vi gler oss til å høyre dei.

Childrens-Choir

Sunnmøre Indremisjon si ungdomsavdeling,- Imf-ung, har mange unge og dyktige tilsette. Ei av dei «nyaste» på kontoret heiter Hilde Sofie Blindheim Østrem. Ho vil vere med på søndag og forkynneGuds Ord til oss. Ho vil også orientere og fortelje om leirarbeidog barne- og ungdomsarbeid.

Elles er det planlagt alle dei faste innslaga med, alt som høyrer med på ei «Søndag11-samling». Det blir servering av kaffi/saft og kaker og frukt. Det blir forbønn og «bønnekrukka» og det blir samla inn kollekt til Sunnmøre Indremisjon.

Vel møtt! Arrangør: Ulstein Indremisjon/NLM

PÅSKEMØTER ULSTEINVIK BEDEHUS

Frå skjærtorsdag til og med første påskedag blir det arrangert påskemøter i Ulsteinvik bedehus.

Arild Ove Halås

ARILD OVE HALÅS blir med som talar. Han er leiar for Nordmøre og Romsdal Indremisjon. Han har også vore ein del på Sunnmøre. Han er ein forkynnar som har mykje å gi, og tema for påskemøta er : » Korsets mysterium»

På skjærtorsdag blir songaren og musikaren TOR RØDSETH frå Sula med. Han deltek med sjølvskrivne songar som har ein fin bodskap. Tor Rødseth har reist rundt som songar i mange år, og har gitt ut fleire CDar. Han er ofte med i nærradioprogram. Mange gler seg til å høyre han.

Påskemøta er lagt opp som to bibeltimar kvar kveld, med pause og tid til kaffi og enkel servering mellom samlingane.

Sunnmøre Indremisjon og styret for Ulsteinvik Indremisjon ønsker vel møtt til samlingar om Guds Ord i påska. Vel møtt frå heile søre Sunnmøre!

He is risen