Månedlige arkiver: oktober 2016

Basar

Laurdag 22.oktober blir det basar på bedehuset kl.16.

Det vert åresal, loddsal og hovudtrekning med mange fine gevinstar. Sal av kaffi, kaker, pølser og mår. Eli Beate Ringstad skal halde andakt og det blir musikk av Johannes Davidsen.

ulsteinvik bedehus

Små og store er hjarteleg velkomne!

Kristen muslimmisjon

Torsdag 20.10. kl 1930 er det møte for Kristen Muslimmisjon på bedehuset.  Det har denne hausten vore lagt opp til møte for KMM ein gong i månaden.  Kretsstyreleiar Reidar Fiske var her i september, og misjonær Hillebrand Dijkstra var her i september.

Reidar Fiske

På møtet i oktober er det igjen kretsstyreleiar Reidar Fiske som kjem på besøk.  Han er opprinneleg frå Surnadal, men har budd i mange år på Flisneset.  Han er ein solid forkynnar som eg gjerne rår til å lytte til.  Reidar har vore mykje brukt både som forkynnar og i styresamanheng i fleire organisasjonar.

Underteikna er kontaktperson for Kristen Muslimmisjon i Ulsteinvik og håpar at rektig mange vil finne vegen til bedehuset dette torsdagen.

Peder Almedal

Inger Valbø, Japanmisjonær på Søndag 11

inger-ii_full    japan

Søndag 16.oktober kjem Inger Valbø og blir med på søndagsmøtet. Ho er utdanna lærar og har arbeidd nesten heile sitt vaksne liv i ulikt arbeid i Japan for Misjonsssambandet. No i sommar kom ho heim frå ein seksårsperiode i landet, og reiser no omkring til ulike misjonsforeiningar og forsamlingar for å formidle ein del av det ho har opplevd med oss.

Det blir barnemøte i peisestova og vi avsluttar med enkel servering.

Alle vel møtt !

Arr: Ulsteinvik UI og NLM.