Kristen muslimmisjon

Torsdag 20.10. kl 1930 er det møte for Kristen Muslimmisjon på bedehuset.  Det har denne hausten vore lagt opp til møte for KMM ein gong i månaden.  Kretsstyreleiar Reidar Fiske var her i september, og misjonær Hillebrand Dijkstra var her i september.

Reidar Fiske

På møtet i oktober er det igjen kretsstyreleiar Reidar Fiske som kjem på besøk.  Han er opprinneleg frå Surnadal, men har budd i mange år på Flisneset.  Han er ein solid forkynnar som eg gjerne rår til å lytte til.  Reidar har vore mykje brukt både som forkynnar og i styresamanheng i fleire organisasjonar.

Underteikna er kontaktperson for Kristen Muslimmisjon i Ulsteinvik og håpar at rektig mange vil finne vegen til bedehuset dette torsdagen.

Peder Almedal