Månedlige arkiver: oktober 2021

Basar – Ulsteinvik bedehus – laurdag 6.november kl.17.00

Det blir basar i Ulsteinvik bedehus, laurdag 6.november kl.17.00.Basaren er til inntekt for bedehuset. Grunna covid – 19 var det uråd å ha den tradisjonelle basaren i fjor. Dei siste åra har det vore gjort store utbetringar av bedehuset, og framleis er det mykje som  må gjerast med det hundreår gamle bedehuset.

I tidlegare år har det vore vanleg at folk har gått omkring i bygda og selt lodd, men av fleire grunnar er det praktisk vanskeleg no.

I år kan ein kjøpe lodd på denne måten: Ein kan ringe til telefonnummer 41228910 for å kjøpe lodd. Namna på dei som kjøper lodd blir oppskrivne i ei loddbok. Lodda kostar 20 kroner for kvart einskild lodd.

Lodda kan betalast ved å betale inn på kontonummeret til bedehuset 4137.30.11434 eller ved å bruke vipps 118691. Merk innbetalinga med basar. Ein kan også betale kontant til styremedlemmane i Ulsteinvik Indremisjon.

Gevinstane på boka:

  • Gåvekort på Amfi – verdi 600 kroner
  • Gåvekort på Match – verdi 500 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Raud juleduk
  • Verktøykasse
  • Termokanne
  • Kasserolle
  • Hadeland stormlykt
  • Steikepanne
  • Koffert
  • Handveske

Gevinstar til åresalet på  basaren kan leverast i Ulsteinvik bedehus, fredag 5.november frå kl.17.00.

Styret i Ulsteinvik Indremisjon

OKTOBER I ULSTEINVIK BEDEHUS

I oktober er det fleire arrangement i Ulsteinvik bedehus:

Komande søndag 17.oktober er det søndag 11. Vi får besøk av Iver Olaf Grimstad. Han har tidlegare vore arbeidar i Ungdom i Oppdrag. Denne søndagen blir det også søndagskule i peisestua under talen, og samlinga avsluttast med prat rundt kaffebordet.

Onsdag 20.oktober er det formiddagstreff i bedehuset. Vi får besøk av Kari Ristesund frå Kvamsøya. Ho er nok mest kjend som politikar og reiseleiar, men ho har tidlegare  reist som evangelist.  Ho har også vore engasjert i Nasjonalforeininga for Folkehelsa. For sitt arbeid er ho tildelt Kongens fortenestemedalje. For første gong etter opphevinga av koronarestriksjonane blir det  utlodding på formiddagstreffet. Songkrefter deltek og på denne onsdagen.

Tysdag 26.oktober blir det nattverdmøte i Ulsteinvik bedehus.

Frikyrkja har søndagsfest 21.oktober. Lys over land har samling torsdag 28.oktober.

Barne og ungdomsarbeidet  har samlingar på onsdagane. Davids Grotte for 5.-7.klasse har samling onsdag 20.oktober, og ungdomsgruppa samlast onsdag 27.oktober.

I slutten av månaden kjem Misjon Sarepta på besøk. Denne gongen får vi besøk av Kristian Fagerli. Han har tidlegare vore misjonær, men er nok mest kjend for endetidsboka si: Mot kveld. Fredag29.oktober vil  Linda og Paul Arne Ulstein synge, og laurdag 30.oktober kjem songgruppa Adonai frå Valderøya.

Oktober avsluttast med besøk av regionleiaren i Misjonssambandet søndag 31.oktober, Jon Ove Holen.

Meir om desse samlingane finn du på  bedehuset sine nettsider: www.ulsteinvikbedehus.no og gjennom annoseringa av møta i Vikebladet. Velkommen skal du vere!