Månedlige arkiver: februar 2022

Misjon Sarepta møte

Ole Gunnar Hegle besøker Sunnmøre

Laurdag 26.februar kl.18.00: Ole Gunnar Hegle syng og talar.

Denne veka besøker Ole Gunnar Hegle nokre av bygdene på Sunnmøre. Han er 24 år gammal, og nyttar vinterferien i år til å reise rundt å forkynne Guds  Ord og synge evangeliet. Dette året studerer han musikkterapi i Kristiansand. Ole Gunnar Hegle besøker Hjørungavåg på onsdag, Hareid på torsdag, Berge på fredag, Ulsteinvik på laurdag og på søndag formiddag er han på Hakallestranda.

Ole Gunnar Hegle reiser for Misjon Sarepta. Denne misjonsorganisasjonen arbeider i Spania. Her har ein starta ein bibelskule der undervisninga er både på spansk og skandinaviske språk. Bibelskulen heiter Centro Sarepta og ligg i nærleiken av Benidorm. Bibelskulen er eit tilbod for elevar frå fleire spansktalande land. Her kjem også elevar som har innvandra frå land i Sør – Amerika. Mange frå dei nordiske landa tek også nokre veker på Centro Sarepta.

Misjon Sarepta reiser rundt til mange landsbyar i Spania og evangeliserer. Fleire stader er det små flokkar av evangeliske kristne, men i Spania er det også mange tusen byar der det er lite evangelisk arbeid. Misjon Sarepta er ein ny kristen organisasjon som vart skipa i 2014. Likevel er ein alt i startgropa med å bygge opp eit diakonalt arbeid i Spania.

Spania har fleire innvandrarar frå dei arabiske landa sør for Middelhavet. Mange innvandrar kjem for å arbeide i Spania. Landet har også ei stor gruppe av nordmenn som bur store delar av året i Spania. Ein arbeider også mellom desse.

Sjå annonsa i avisa denne veka!

Misjon Sarepta