Månedlige arkiver: januar 2024

TORGEIR SKRUNES TIL ULSTEINVIK BEDEHUS

26.-28.januar: Bibelhelg. Torgeir Skrunes. Tema:Tilbake frå Babel.

Komande helg besøker Torgeir Skrunes Ulsteinvik bedehus. Han er krinsleiar i Indremisjonsforbundet på Sørlandet, men nyttast også som forkynnar over heile landet. Torgeir Skrunes er fødd og oppvaksen i Bergen og utdanna sosionom. Han har røter til Sunnmøre då foreldra budde på Sunnmøre før dei flytta til Bergen. Faren, Njål Skrunes var i fleire år formann i Sunnmøre Indremisjon og lærar på lærarskulen i Volda, og avslutta karriera si som professor på Norsk Lærarakademi.Unge Skrunes har vald eit spennande tema for bibeltimane denne helga: Tilbake frå Babel. orgeir Skrunes talar. Servering. Nattverd.Vi startar på fredag kveld, held fram med samlingane på laurdag ettermiddag og avsluttar med søndag 11. Det blir servering på møta. På søndag 11 blir det i tillegg til servering også nattverd. Denne søndagen vil barna vere saman med dei vaksne, og Torgeir vil tale både til små og store. Mykje song blir det også på møta.

Tema:Tilbake frå Babel.

Fredag 26.januar kl.19.00: Torgeir Skrunes talar.

Laurdag 27.januar kl.18.00: Torgeir Skrunes talar.28.januar:

28.januar: Søndag 11. Torgeir Skrunes talar. Servering. Nattverd.

Samlingane i bedehuset har starta opp att etter juleferien. Denne veka er det Davids Grotte på onsdag. Barnearbeidet for aldersgruppa 5.-6.klasse har samling annankvar onsdag i bedehuset. I neste veke har ungdomsgruppa si samling som er på annankvar tysdag gjennom heile skuleåret. Vi inviterer også til samling om bibel og bønn annankvar måndagsmorgon. Sjå gjerne nettsidene til Ulsteinvik bedehus, og møteannonsa som du finn i Vikebladet i dag.