Månedlige arkiver: mars 2019

Sangevangelist Jostein Mulelid kjem til Ulsteinvik

Jostein Mulelid skal delta på fleire møter i Ulsteinvik bedehus.

Mange frå søre Sunnmøre kjenner Jostein og ser fram til god sang og musikk og inspirerande forkynning. Trekkspel og piano høyrer saman med Jostein når han farter rundt med Guds Ord og si gode sangstemme.

Han er også ei drivkraft i hjelpearbeidet som blir kalla « Vyborg-hjelpa» og Jostein har vore reiseleiar på turar i Plussreiser/ tidl SI- reiser, han har vore ofte i Israel, og mykje på bibelferiar i sol og varme, og fleire tema-turar med buss, td Lina Sandell- turen som har gått kvar sommar i snart 30 år. Jostein har også skrive fleire songar og gitt ut musikk på CD-ar tidlegare. No er han ein engasjert og aktiv pensjonist.

På møta i Ulsteinvik bedehus vil Jostein Mulelid tale over temaet: «Å vandre med Gud- glimt frå Abrahams historie»

Det vil bli song av Jostein på alle møta, i tillegg vil Solfrid Ulstein Rise synge.
Koret «Kvit Sektor» kjem på besøk fredagskvelden.
På laurdag blir det sang og musikkmøte med « Sulagutane» som er ei gruppe syngende mannfolk frå Sula og Ålesund. Det blir god tid til samtale over kaffi og kaker både fredag og laurdag kveld.
Søndag er det formiddagsmøte med program for heile familien, då vil det også vere nattverd i samlinga. Elles er det ein komité som sørger for mykje godt å bite i , som alltid når det er « søndag-11» samling på bedehuset.

Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker velkommen til møteveke med Jostein Mulelid, og minner om at det også blir bønn ein halv time før kvart møte.

Vel møtt frå heile søre til ei eller fleire samlingar i Ulsteinvik bedehus.