Månedlige arkiver: desember 2019

Julefest på bedehuset 29.desember

Husk å få med dere

 Stjernedryss i advent– Lørdag 14 des. kl. 19.00 og Misjonsmøte 15.12 med nytt frå Sentral-Asia kl. 19.30

Det er snart klart for julefeiring og mykje står på programmet for dei aller fleste. Julefest i romjula er ein god tradisjon å ta vare på!

Bedehuset i Ulsteinvik inviterer store og små til å delta på årets julefest 29.desember kl.17.

 Ein dyktig komite er i gang for å gjere festen og programmet så godt og innhaldsrikt som mulig. Du kan føle deg heilt sikker på at det er verdt å sette av ein kveld i romjula til å delta på bedehuset sin julefest.

Årets taler blir Linda Austnes frå Godøya. Ho har lang fartstid med julefestar. Linda  har skrive bøker og mange dikt, ho er aktiv i kristent arbeid og ho er aktiv politiker. Ho gler seg til å kome til Ulsteinvik på julefest. Det blir mykje sang og musikk, i tillegg til julesanger for alle og gang rundt juletreet. Fleire barn og vaksne er klar med sang, piano, fiolinspel.

God tid til mat og prat blir det i år også, og det blir dekka koldtbord i matsalen, og det blir nok fullt både oppe og nede. Mykje godt blir sett fram, og noko for både barn og vaksne. Litervis med kaffi gjekk unna i fjor, så komiteen er klar for stort innrykk.

Det koster ikkje noko å delta, men alle kan vere med å gi ei gåve til misjonen.

Hjertelig velkommen store og små!

Bilde: Julestjerna i vinduet på Ulsteinvik bedehus er allereie tent!

Stjernedryss i advent

Lørdag 14 des. kl.19.00. Merk tida.

Se også : Misjonsmøte 15.12 med nytt frå Sentral-Asia ,NLM(neste innlegg)

Som alltid er IMF Sunnmøre ( tidl Sunnmøre Indremisjon) klar til å arrangere « Stjernedryss i advent» rundt omkring på Sunnmøre.

På søre Sunnmøre blir dette arrangementet i Ulsteinvik bedehus.

Vi er heldige som får oppleve eit slikt « dryss» av gode gjestar, som har mykje å gi til oss i adventstida. Sang og musikk og spennande foredrag om tilgivelse.

Dettte blir ein gratis julekonsert med kjende songarar, det er nok å nemne dei med fornamn:

Song-duoen Marit og Irene. Dei er kjende over heile landet, og treng ingen presentasjon.

Dei har denne gongen med ein ung, lovande songar som heiter Arne Pareli. Han er utdanna innan klassisk song og har ei nydeleg stemme, han har tidlegare tolka mykje av songskatten til Petter Dass. Denne kvelden er det juletonar som blir i fokus.

Kveldens mest langvegsfarande gjest kjem frå Stavanger. Det er Aslaug Klungland som skal fortelje frå eige liv. Ho vart enke då mannen hennar Arne Sigve Klungland, som var politi, blei skoten i Nokas-ranet i Stavanger.

Johan Halsne er kveldens vert, han vil lede kvelden. « Stjernedryss i advent» er ei fin samling som vi gjerne vil vere med å invitere til.

Styret i Ulsteinvik Indremisjon vil servere kaffi og litt å bite i.

Det blir salg av bøker/ DVD ar. Her går det an å finne julegåver som kan glede lenge.

Hjertelig og varmt velkommen til «Stjernedryss i advent» Sett av kvelden og finn julefreden i ord og tonar!

Arrangør: IMF Sunnmøre/ Ulsteinvik Indremisjon