Stikkordarkiv: formiddagstreff

Formiddagstreff

Onsdag 8.september kl.11.00: Formiddagstreff.

Lars Erik Nesset

Songgruppe frå Langevåg deltek.

Servering.

Vi holder avstand og vasker hender/spriter oss. Vær frimodig å bruk munnbind hvis behov.

Alle samlingane er i samsvar med smittevern – reglane. Utviklinga av corona- pandemien kan føre til endringar av programmet denne sommaren.

Formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus

Formiddagstreffa i Ulsteinvik bedehus startar opp att etter sommarferien. Målsetjinga er å ha formiddagstreff kvar månad denne hausten. Første gongen blir onsdag 8.september. Vi får besøk frå Langevåg. Ein songtrio frå dei kjende Sulagutane besøker oss. Lars Erik Nesset vil tale til oss. Servering blir det også, og god tid til prat rundt borda.

Utover hausten får vi også fleire besøk. I oktober kjem Kari Ristesund, i november Aud og Johan Halsne og i desember Jostein Mulelid.

Sjå også annonse i Vikebladet  komande tysdag.


Styret i Ulsteinvik Indremisjon

Ulsteinvik bedehus 100 år

I dag er det 100 år sidan Ulsteinvik bedehus vart innvigd. 5.februar 1921 var vigslingsdagen  for det nye bedehuset.

Det gamle bedehuset var vigsla i oktober i 1876. Det var det første bedehuset som blei reist på bygdene på Sunnmøre .Før dette samlast dei nye kristne i heimane, men då husa blei for små, blei bedehuset bygd. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa 5.august 1883.

Vi hadde planlagd ei feiring av 100 – års – jubileet denne helga, men korona-epidemien har gjort at dette må utsetjast. Vi ser fram til å ha ei markering av jubileet på seinsommaren.

Etter jul har møteaktiviteten i bedehuset vore sterkt avgrensa, med det er tillatt å samle 10 personar til møte. Dersom det kjem fleire, kan vi samlast i ulike rom. Kvar tysdag framover har vi samlingar om bibel og bønn.

Det er tillatt med samlingar for barn og ungdom under 20 år . Onsdag 10.februar har ungdomsgruppa samling(frå 8.klasse og oppover), og det er møte i Davids Grotte(5.-7.klasse) onsdag 17.februar.

Vel møtt i Ulsteinvik bedehus

Advent og jul i Ulsteinvik bedehus

Sjølv om covid 19-sjukdommen gjer at det er vanskeleg å gjennomføre møte dette året, vil det bli nokre samlingar i bedehuset i advent og i jula. Alle samlingar skjer i samsvar med smittevernreglane.

Sjølv om corona-viruset fører til avgrensingar i arbeidet, har det  vore viktig å halde oppe barne – og ungdomsarbeidet. Det blir også   førjulssamlingar no i advent. Allereide i morgon på onsdag kveld vil Davids Grotte ha juleavslutning. Dette er ei gruppe for dei som er i alderen 5.-7.klasse.Onsdag 16.desember er det adventssamling for ungdomsgruppa i bedehuset. Dette er for aldersgruppa frå 8.klasse og oppover.

Torsdag 10.desember er siste formiddagstreffet i år. Vi får besøk av Kjell Einar Ljones. Han har temaet: Mor – ei perle med mange fasettar. Søndag 11 blir arrangert 13.desember. Dette er ei familesamling der vi får besøk av barnearbeidar Hilde Sofie Blindheim Østrem frå IMF-Sunnmøre. Alle samlingane vil vere prega av at vi no er i adventstida.

På tysdagane før jul blir det samlingar om bibel og bønn der vi  samtalalar  om dei tekstane vil les.

Sjølv om vi ikkje kan gå rundt juletreet i år, blir det julefest i bedehuset tysdag 29.desember. Juletreet blir likevel pynta, og den glade bodskapen blir forkynt av Lars Kjetil Emblem. Grunna covid 19 -viruset må ein ha påmelding til julefesten då ei ikkje kan ha fullt hus .

Sjå annonsene i Vikebladet og omtale på sidene til Ulsteinvik bedehus.

                                                     Ulsteinvik bedehus