Stikkordarkiv: Ulsteinvik nlm

Møteoversikt

No ligg møteoversikta over vinter/vår 2023 tilgjengeleg under menyen møteoversikt øvst på sida.

Sommersamlinger 2022

Sommaren i Ulsteinvik bedehus.

I morgon, onsdag 22.juni kl.19.30  startar sommarkveldane opp i
Ulsteinvik bedehus. Sjølv om Per Sævik har det travelt med å få ferdig
arbeidet med skipa til kystruten, tar han seg tid til å vere forkynnar
også. Han skal tale på samlinga i morgon kveld, og vi får song av
søstrene Anne Marte og Cecilie Lillebø.

Seinare i sommar, onsdag 6.juli får vi besøk av Ingebjørn Vingen. Han
bur i Brattvåg, men er opprinneleg frå Rogaland. Onsdag 20.juli får vi
besøk av Reidar Almedal. Han er her frå Ulsteinvik, men studerer no i
Bergen. 3.august får vi besøk av Eggil Straume frå Volda.

På dei andre onsdagane i sommar er det samling om bibel og bønn. Vi
samtalar om tekstar frå Johannesevangeliet og bed for dei ulike
bønneemne som blir nemt.

Vi skal også ha eit formiddagsmøte, søndag 3.juli kl.11.00. Det er Lys
over land som arrangerer møtet.

Laurdag 11.august kl.18.00 får vi besøk av Misjon Sarepta. Hans Bergane
både talar og syng denne kvelden.

Vel møtt alle til sommarsamlingane i år!

Påsken 2022

Ulsteinvik bedehus

Vel møtt til desse samlingane i Ulsteinvik bedehus i påska:

Langfredag, 15.april kl.11.00. Vi får besøk av Harald Tjervåg. Song av
Solfrid Ulstein Riise.

2.påskedag, 18.april kl.11.00. Vi får besøk av Johannes Kleppa.

Volda bedehus

13.-17.april: Påskemøte – Volda bedehus. Harald Tjervåg talar.

Sjøholt folkehøgskule

13.- 17.april: Påskemøte – Sjøholt folkehøgskule. Erik Furnes og Arild Ove Halås talar.

Håpskonserten 19.11.2021

Norea misjonskonsert med

Vi har dette året gleden av å invitere til samarbeidskonsert på Filadelfia før jul. Denne konserten er «håpskonsert.» . Vi får besøk av Elisabeth Lillebø Sæth og Maria Engås Halsne, Toner av Østby og Brit Kari Urdal. Dette blir veldig bra!!

påmeldingsfrist.01.11.2021

Gå inn på lenken og kjøp billetter:

https://www.checkin.no/event/36753/haapskonsert-i-filadelfia-ulsteinvik

.

Misjonsmøte

Ulsteinvik bedehus søn 9.mai kl 19.30

Tale og song ved Ole Audun Os

Nytt frå Aust Afrika

Gåve til arbeidet

Vi holder avstand og vasker hender/spriter oss. Vær frimodig å bruke munnbind hvis behov.

Alle vel møtt!