Stikkordarkiv: Bedehus

Sommersamlinger 2022

Sommaren i Ulsteinvik bedehus.

I morgon, onsdag 22.juni kl.19.30  startar sommarkveldane opp i
Ulsteinvik bedehus. Sjølv om Per Sævik har det travelt med å få ferdig
arbeidet med skipa til kystruten, tar han seg tid til å vere forkynnar
også. Han skal tale på samlinga i morgon kveld, og vi får song av
søstrene Anne Marte og Cecilie Lillebø.

Seinare i sommar, onsdag 6.juli får vi besøk av Ingebjørn Vingen. Han
bur i Brattvåg, men er opprinneleg frå Rogaland. Onsdag 20.juli får vi
besøk av Reidar Almedal. Han er her frå Ulsteinvik, men studerer no i
Bergen. 3.august får vi besøk av Eggil Straume frå Volda.

På dei andre onsdagane i sommar er det samling om bibel og bønn. Vi
samtalar om tekstar frå Johannesevangeliet og bed for dei ulike
bønneemne som blir nemt.

Vi skal også ha eit formiddagsmøte, søndag 3.juli kl.11.00. Det er Lys
over land som arrangerer møtet.

Laurdag 11.august kl.18.00 får vi besøk av Misjon Sarepta. Hans Bergane
både talar og syng denne kvelden.

Vel møtt alle til sommarsamlingane i år!

Basar – Ulsteinvik bedehus – laurdag 6.november kl.17.00

Det blir basar i Ulsteinvik bedehus, laurdag 6.november kl.17.00.Basaren er til inntekt for bedehuset. Grunna covid – 19 var det uråd å ha den tradisjonelle basaren i fjor. Dei siste åra har det vore gjort store utbetringar av bedehuset, og framleis er det mykje som  må gjerast med det hundreår gamle bedehuset.

I tidlegare år har det vore vanleg at folk har gått omkring i bygda og selt lodd, men av fleire grunnar er det praktisk vanskeleg no.

I år kan ein kjøpe lodd på denne måten: Ein kan ringe til telefonnummer 41228910 for å kjøpe lodd. Namna på dei som kjøper lodd blir oppskrivne i ei loddbok. Lodda kostar 20 kroner for kvart einskild lodd.

Lodda kan betalast ved å betale inn på kontonummeret til bedehuset 4137.30.11434 eller ved å bruke vipps 118691. Merk innbetalinga med basar. Ein kan også betale kontant til styremedlemmane i Ulsteinvik Indremisjon.

Gevinstane på boka:

  • Gåvekort på Amfi – verdi 600 kroner
  • Gåvekort på Match – verdi 500 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Raud juleduk
  • Verktøykasse
  • Termokanne
  • Kasserolle
  • Hadeland stormlykt
  • Steikepanne
  • Koffert
  • Handveske

Gevinstar til åresalet på  basaren kan leverast i Ulsteinvik bedehus, fredag 5.november frå kl.17.00.

Styret i Ulsteinvik Indremisjon

OKTOBER I ULSTEINVIK BEDEHUS

I oktober er det fleire arrangement i Ulsteinvik bedehus:

Komande søndag 17.oktober er det søndag 11. Vi får besøk av Iver Olaf Grimstad. Han har tidlegare vore arbeidar i Ungdom i Oppdrag. Denne søndagen blir det også søndagskule i peisestua under talen, og samlinga avsluttast med prat rundt kaffebordet.

Onsdag 20.oktober er det formiddagstreff i bedehuset. Vi får besøk av Kari Ristesund frå Kvamsøya. Ho er nok mest kjend som politikar og reiseleiar, men ho har tidlegare  reist som evangelist.  Ho har også vore engasjert i Nasjonalforeininga for Folkehelsa. For sitt arbeid er ho tildelt Kongens fortenestemedalje. For første gong etter opphevinga av koronarestriksjonane blir det  utlodding på formiddagstreffet. Songkrefter deltek og på denne onsdagen.

Tysdag 26.oktober blir det nattverdmøte i Ulsteinvik bedehus.

Frikyrkja har søndagsfest 21.oktober. Lys over land har samling torsdag 28.oktober.

Barne og ungdomsarbeidet  har samlingar på onsdagane. Davids Grotte for 5.-7.klasse har samling onsdag 20.oktober, og ungdomsgruppa samlast onsdag 27.oktober.

I slutten av månaden kjem Misjon Sarepta på besøk. Denne gongen får vi besøk av Kristian Fagerli. Han har tidlegare vore misjonær, men er nok mest kjend for endetidsboka si: Mot kveld. Fredag29.oktober vil  Linda og Paul Arne Ulstein synge, og laurdag 30.oktober kjem songgruppa Adonai frå Valderøya.

Oktober avsluttast med besøk av regionleiaren i Misjonssambandet søndag 31.oktober, Jon Ove Holen.

Meir om desse samlingane finn du på  bedehuset sine nettsider: www.ulsteinvikbedehus.no og gjennom annoseringa av møta i Vikebladet. Velkommen skal du vere!

Oppdatering av møteoversikt

Møteoversikt er oppdatert, og endringar er gjort i kursiv. Avlysninger er vist med uthevet tekst.

Reglane er nokså like dei som vi hadde før forrige nedstegning.

Allsong framleis ikkje tillatt. Vi holder avstand og vasker hender/spriter oss. Vær frimodig å bruk munnbind hvis behov.

Avlyst – Kveldsmøte og årsmøtet Ulstein Misjonslag 2021

Avlysning pga nye og strenge nasjonale koronatiltak

Les videre

Ulsteinvik bedehus 100 år

I dag er det 100 år sidan Ulsteinvik bedehus vart innvigd. 5.februar 1921 var vigslingsdagen  for det nye bedehuset.

Det gamle bedehuset var vigsla i oktober i 1876. Det var det første bedehuset som blei reist på bygdene på Sunnmøre .Før dette samlast dei nye kristne i heimane, men då husa blei for små, blei bedehuset bygd. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa 5.august 1883.

Vi hadde planlagd ei feiring av 100 – års – jubileet denne helga, men korona-epidemien har gjort at dette må utsetjast. Vi ser fram til å ha ei markering av jubileet på seinsommaren.

Etter jul har møteaktiviteten i bedehuset vore sterkt avgrensa, med det er tillatt å samle 10 personar til møte. Dersom det kjem fleire, kan vi samlast i ulike rom. Kvar tysdag framover har vi samlingar om bibel og bønn.

Det er tillatt med samlingar for barn og ungdom under 20 år . Onsdag 10.februar har ungdomsgruppa samling(frå 8.klasse og oppover), og det er møte i Davids Grotte(5.-7.klasse) onsdag 17.februar.

Vel møtt i Ulsteinvik bedehus

Grunna koronaen – 25/01.21

Grunna koronaen er det få møte vi kan arrangere i bedehuset no, men nokre samlingar  kan vi ha i samsvar med smittereglane:

Tysdag 26. januar kl.19.30: Samling om bibel og bønn. Dersom vi blir fleire enn 10 personar på møtet, må vi bruke andre rom i bedehuset.

Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Arrangement er tillatt for personar under 20 år.

Søndag 31.januar kl.11.00: Felleskristen bønnevandring kl.11.00. Oppmøte på parkeringsplassen ved Amfi.