LIVSNÆRT PÅ BEDEHUSET

Tre onsdagar i mars får Ulsteinvik Bedehus besøk av Ole Audun Os frå Misjonssambandet.  Os har vore forkynnar, og ikkje minst ungdomsarbeidar, heile sitt vaksne liv her i fylket. Mange kjenner han frå leirar og korhelger på Rjånes Ungdomssenter.

No inviterer Misjonssambandet i Ulsteinvik til nokre kveldar med overskrift «LEVANDE TRU».  Ei av foreningane har ansvaret, dei inviterer til kveldsmat og legg til rette for spørsmål og samtale.

Ole Os– Kva er det du har tenkt å ta opp, Ole Os?

– Eg har ikkje alt klart, kanskje må noko bli til undervegs.  Men eg vil begynne med eit tema eg har kalla «Når livet blir vanskeleg».  Då skal vi lese ein del frå Jobs bok, ei svært ærleg bok i Bibelen.

– Eit krevande tema?

– Ja, eg kjenner meg så klart liten med eit sånt tema.  Men vi ønskjer at menneske skal møte det livsnære og ærlege på bedehuset.  Og at det skal vere rom for å undre seg og oppdage ting i fellesskap.  Eg blir aldri ferdig med å forundre meg over Bibelen.

Det første besøket blir onsdag 4. mars kl.19 (merk tida!). Velkomen!