Forfatterarkiv: Jan Erling Davidsen

Endringer i programmet

Grunna sjukdom  hos talaren må vi endre programmet i Ulsteinvik bedehus 
til komande helg, 9.-11.september:

Fredag 9.september kl.19.30:

Tale av Kari Ristesund. Song av Linda og Paul Arne Ulstein.

Laurdag 10.september kl.18.00:

Tale av Egil Straume. Song av Gro Hofseide. Servering.

Søndag 11.september kl.11.00:

Tale av Solfrid Ulstein Riise. Servering. Søndagskule. Nattverd.

Formiddagstreffa  i Ulsteinvik bedehus

Den første onsdagen i kvar månad denne hausten blir det formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus. På formiddagstreffa er det andakt, song, utlodding og servering. Dei startar alltid kl.11.00.

Onsdag 7.september får vi  besøk av Johanne Leinebø. Ho er frå Herøy, men har i mange år vore misjonær på Madagaskar. Dei siste åra har ho særleg arbeidd med omsetting av bøkene i Bibelen til ulike stammespråk på den fjerde støste øya i verda. Inntekta av utloddinga denne formiddagen går til dette omsettingsarbeidet. Det vil også bli trekking av eit maleri av Roy Andre Dahl til inntekt for bedehuset i Ulsteinvik.

Onsdag 5.oktober kjem Monica og Hallvard Roaldsnes til Ulsteinvik. Dei både syng og talar. I mange år har dei vore engasjert i Israelsmisjonen sitt arbeid, og dei vil fortelje om organisasjonen sitt arbeid både i tidlegare tider og i tida framover.

Onsdag 2.november vil Aud og Johan Halsne delta på formiddagstreffet. Aud er leiar i Plussreiser, og ho vil informere om nye reiser som er planlagd framover.Johan er krinsleiar i IMF- Sunnmøre, og han vil tale til oss. Vi kan glede oss til vakker duettsong av desse to denne novemberdagen.

Onsdag 7.desember kjem Kari Laila og Ove Aksnes. Denne formiddagen vil vere prega av at det er adventstid, og gjennom forkynning og song vil dei førebu oss til den store høgtida som ventar oss.

Mathias Orheim-kveld

Mathias Orheim- kveld i Ulsteinvik bedehus.

Komande laurdag, 3. september ønsker Ulsteinvik bedehus velkommen til Mathias Orheim-kveld. Denne laurdagen kl.18.00 vil Solveig Orheim Nome synge og fortelje om Mathias Orheim. Ho vaks opp på nabogarden til Orheim, og hugsar han godt frå barndommen sin. Kari Laila Aksnes vil også delta denne kvelden. Ho er kjend for si mørke og vakre altstemme. Det blir også servering denne kvelden i bedehuset.

Mathias Orheim var frå Stårheim i Nordfjord. Då han var seksten år gammal, blei han ein kristen. Han reiste i mange år som forkynnar, musikar og songar. Allereide i ungdomsåra blei han blind. Dette hindra han likevel ikkje frå å reise som predikant og songar. Han spela mellom anna på glas. Frå ei bygd blir det fortalt at straumen blei borte under møtet ein vinterkveld, men Orheim berre held fram med songen og spelet på glasa sine. Forkynninga hans var evangelisk, og han tala på nynorsk prega av den vakre dialekten frå Nordfjord. Songskatten frå Orheim finn vi både i salmeboka og i sangboken.

Sjå annonse i Vikebladet komande fredag.

Møte med Edvard Foss

Vi inviterer til møte i Ulsteinvik bedehus, torsdag 18.august – fredag
19.august, begge kveldar kl.19.30.

Desse dagane får vi besøk av Edvard Foss frå Lyngdal på Sørlandet. Han
har i fleire år reist som forkynnar. Han er også lærar på bibelskulen på
Bildøy. Denne gongen har han vald tekstar frå Efesarbrevet 1. Temaet er:
Å, kor rik eg er!

Hareid musikklag og Iver Olaf Grimstad vil synge på møta.

Det vil bli høve til å gi ei gåve til Indremisjonsforbundet sitt arbeid
i Finnmark.