FLEIRE SAMLINGAR I ULSTEINVIK BEDEHUS I JANUAR.

Denne veka får Ulsteinvik bedehus besøk av Torgeir Nygård frå Konsmo i Indre  Agder. Sørlendingen kombinerer arbeidet som tømrar med å ta på seg forkynnaroppdrag. Nygård er no i tredveåra., men opplevde som barn at Gud greip inn og berga han. Ein vinterdag fall han utfor eit stup og blei sterkt skada, men opplevde eit Guds under og blei frisk igjen.

Dei siste åra har Nygård vore engasjert i Harilastiftinga Håp. Denne organisasjonen driv hjelpearbeid i Russland, Estland og Israel. I samband med evangeliseringsarbeid driv dei og eit stort diakonalt arbeid. I nærleiken av Vyborg og St. Petersburg  har dei bygd opp eit rehabiliteringssenter for rusavhengige, eit senter for gatebarn, eit eldresenter og ein kombinert landbruks – og bibelskule.

Samlingane startar i kveld, tysdag. Frå onsdag blir det  bønn ein halvtime før møta. Songkrefter vil også delta på møta. Vi får mellom anna besøk av songgruppa Adonai frå Valderøya. Servering blir det på fleire av samlingane. Møta avsluttast på søndag formiddag med søndagskule i peisestova under talen og nattverd. Sjå detaljar om møta i annonsa i Vikebladet sist fredag.

Møtar startar:

Tirsdag til fredag kl.19.30

Laurdag kl.18.00.

Søndag kl.11.00.

Siste torsdag  i januar  får vi besøk av Gunnar Hamnøy med fleire frå organisasjonen North South Partnership – Aid. Dei driv eit omfattande hjelpearbeid i Kenya.Elevar frå Ulstein vidaregåande skule har samla inn midlar til dette arbeidet i Afrika, og nokre av  elevane frå UVS  vil fortelje frå reisa si til Kenya. Dagen etter, fredag besøker båten Elieser frå  Den Indre Sjømannsmisjon igjen Ulsteinvik. Båten blir liggande ved kommunekaia. Laurdag kjem den unge forkynnaren Elias Østerhus frå Misjon  Sarepta til bedehuset. Linda og Paul Arne Ulstein vil synge, og servering blir det og denne laurdagskvelden.Siste søndagen i januar har frikyrkja søndagsfest på formiddagen i bedehuset.

Samling om bibel og bønn blir på måndag formiddag dette halvåret. Ein vil samtale om emne frå Apostelgjerningane framover.

Annankvar tysdag er det ungdomsgruppe i bedehuset. Ungdommar frå 8.klasse og oppover er velkomne. Annankvar onsdag har 5.-7.klasse samlingar i bedehuset. Her har dei aktivtetar, servering og andakt på møta sine.

Vel møtt til møta i januar i Ulsteinvik bedehus.