Stikkordarkiv: Felleskap

Det kristne felleskapet- Ulsteinvik bedehus

Eg saknar å kome saman til møte  i bedehuset. Det kristne fellesskapet er ei hjelp Gud har gitt oss på vegen heim til himmelen. Vi har likevel høve til å lese Guds Ord og nytte bønevegen til Gud,
I går fekk vi ei helsing frå Spania med dette bibelavsnittet frå Salmane: 
Om eg laut seie: Foten min er ustø ! – då held di miskunn meg oppe; Herre!       Når mine urolege tankar vert mange i hjarta, då kveikjer di trøyst mi sjel.. Salme 94,18-19
Tidene er blitt vanskelege, og mange er urolege for framtida. Fleire er redde for den nye  sjukdommen, og enda fleire er redde for å miste arbeidet i framtida. Hugs at bønevegen er fri til Gud Fader. Når vi har tatt i mot Jesus, kan vi vere trygg  på at livet er I Herrens hender. Eit bibelord som har gjort meg godt mange gonger er dette frå Peter sitt første brev der det seiast om Gud: Kast all dykkar sut  på han, for han har omsut for dykk. 1.Pet.5,7.
Eg vil gjerne oppmuntre til å lytte til sendingane frå Radio Sunnmøre og Radio Nordvest. Her er mange gode program, På Kanal 10 sendast kvar søndag eit møte kl.10.00 og kl.15.00 frå P7.


Mvh Ståle