Vandregudsteneste»/bønnevandring

Styresmaktene har vedtatt at vi ikkje kan samlast meir enn max 10 stk. til Gudsteneste/møte  i Gudshusa våre dei 2 komande søndagane.  Vi i Filadelfia  inviterer alle medlemmer og andre medlemmer i dei «kristne båtlaga» i Ulstein  til å vere med på «Vandregudsteneste»/bønnevandring  fk. søndag kl 11:00. Filadelfia står for det praktiske med h.h.t smittevern.mm.   Nokre frå Filadelfia vil bere refleksvest.

Tenkt opplegg ( ikkje 100%) spikra  

Oppmøte kl 11:00 parkelingsplassen framfor Amfi i retning rundkjøringa

Kort orientering appell.

Vi går utover forbi Bibelsenteret der vi stopper og ein ber for det båtlaget.

Vi går videre til Filadelfia der vi stopper og ein ber for det båtlaget.

Så til plenen framfor Rådhuset der 2 – 3 stk. ber for DNK /Fredheim .. Kongehuset – og styresmaktene 

Så går vi forbi Bedehuset, stopper og ein ber for det båtlaget .

Videre fylgjer vi gangvegen ned forbi Almegjordet barnehage forbi Shell og til området rundt Gullblokka.

Her ber vi for næringslivet i distriktet og alle arbeidsplassane  for alle som bur i kommuna og kommunene rundt oss.

Vi veit at det er mange som har hatt og har sin arbeidsplass bl.a både på Kleven og Ulstein / Kongsberg

Desse bedriftene har også generert fleire jobber for andre bedrifter og virksomheiter.

NB! PÅ denne bønnevandringa skal fokuset vere på Menighetsliv, Pademien,  arbeidsplassane og dei styrande i fedrelandet.  … ikkje enkelte interessesaker. 

Vi skal ikkje gløyme dei involverte av katastrofen i Gjerdrum kommune.  

Sluttappell 

Dersom det vert muleg og vi kan halde den nødvendige avstanden, så vert det tatt nokre enkle kjende sangkor under veis (utan instrument)

Vandregudstenesta vert avslutta her.

NB! Vi  MÅ  fylgje alle retningslinene  for smittevern(avstand).. spesielt når vi stanser opp. 

For å vite kor mange som vil/kan delta så blir det påmelding via SMS.  husk navn må skrives i SMS..   

Påmelding 

Arnt Vidar 99012005           

Jarle 90075242