Stikkordarkiv: Ulsteinvik Indremisjon

Håpskonserten 19.11.2021

Norea misjonskonsert med

Vi har dette året gleden av å invitere til samarbeidskonsert på Filadelfia før jul. Denne konserten er «håpskonsert.» . Vi får besøk av Elisabeth Lillebø Sæth og Maria Engås Halsne, Toner av Østby og Brit Kari Urdal. Dette blir veldig bra!!

påmeldingsfrist.01.11.2021

Gå inn på lenken og kjøp billetter:

https://www.checkin.no/event/36753/haapskonsert-i-filadelfia-ulsteinvik

.

Basar – Ulsteinvik bedehus – laurdag 6.november kl.17.00

Det blir basar i Ulsteinvik bedehus, laurdag 6.november kl.17.00.Basaren er til inntekt for bedehuset. Grunna covid – 19 var det uråd å ha den tradisjonelle basaren i fjor. Dei siste åra har det vore gjort store utbetringar av bedehuset, og framleis er det mykje som  må gjerast med det hundreår gamle bedehuset.

I tidlegare år har det vore vanleg at folk har gått omkring i bygda og selt lodd, men av fleire grunnar er det praktisk vanskeleg no.

I år kan ein kjøpe lodd på denne måten: Ein kan ringe til telefonnummer 41228910 for å kjøpe lodd. Namna på dei som kjøper lodd blir oppskrivne i ei loddbok. Lodda kostar 20 kroner for kvart einskild lodd.

Lodda kan betalast ved å betale inn på kontonummeret til bedehuset 4137.30.11434 eller ved å bruke vipps 118691. Merk innbetalinga med basar. Ein kan også betale kontant til styremedlemmane i Ulsteinvik Indremisjon.

Gevinstane på boka:

  • Gåvekort på Amfi – verdi 600 kroner
  • Gåvekort på Match – verdi 500 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Raud juleduk
  • Verktøykasse
  • Termokanne
  • Kasserolle
  • Hadeland stormlykt
  • Steikepanne
  • Koffert
  • Handveske

Gevinstar til åresalet på  basaren kan leverast i Ulsteinvik bedehus, fredag 5.november frå kl.17.00.

Styret i Ulsteinvik Indremisjon

Pinse i Ulsteinvik

Pinse i Ulsteinvik bedehus – 2.pinsedag, 24.mai kl.11.00

2.pinsedag, 24.mai kl.11.00 får vi besøk av Jarle Berland. Han har i
mange år reist som forkynnar i Indremisjonsforbundet.Han er ein
evangelist som legg ut dei bibelske forteljingane på ein frigjerande måte.

Solfrid Ulstein Riise vil synge, og ho vil også ta fram barna på scenen
slik at dei kan få synge barnesongar før dei går ned i peisestua. Denne
gongen er søndagskulen på ein måndag. Denne gongen får barna høyre om
Kristi Himmelfartsdag og pinsa. Det blir teikning og andre aktivitetar
på måndagsskulen – 2.pinsedag er alltid på ein måndag! Ei spennande
servering blir det også på barnesamlinga denne dagen.

Servering blir det også oppe i storsalen – den skjer i samsvar med
smittevernreglane.

Vel møtt til samling 2.pinsedag.

Ordet og Israel

Ordet og Israel har møte i Ulsteinvik bedehus både laurdag 1.mai og
søndag 2.mai:

Laurdag 1.mai kl.18.00 og kl.19.30. Servering mellom samlingane.

Søndag 2.mai kl.18.00.

Gordon Tobiassen, Stig Andre Lippert og Kjell Furnes deltek.

Tor Rødseth og Arnvid Brandal deltek med song.

Påmelding til 48304584 grunna grense på kor mange deltakarar som kan
vere til stades.

  Vi  har fått eit ekstra møte på søndag grunna innstrammingane  i
koronareglane i Giske kommune.

Oppdatering av møteoversikt

Møteoversikt er oppdatert, og endringar er gjort i kursiv. Avlysninger er vist med uthevet tekst.

Reglane er nokså like dei som vi hadde før forrige nedstegning.

Allsong framleis ikkje tillatt. Vi holder avstand og vasker hender/spriter oss. Vær frimodig å bruk munnbind hvis behov.

Ulsteinvik bedehus 100 år

I dag er det 100 år sidan Ulsteinvik bedehus vart innvigd. 5.februar 1921 var vigslingsdagen  for det nye bedehuset.

Det gamle bedehuset var vigsla i oktober i 1876. Det var det første bedehuset som blei reist på bygdene på Sunnmøre .Før dette samlast dei nye kristne i heimane, men då husa blei for små, blei bedehuset bygd. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa 5.august 1883.

Vi hadde planlagd ei feiring av 100 – års – jubileet denne helga, men korona-epidemien har gjort at dette må utsetjast. Vi ser fram til å ha ei markering av jubileet på seinsommaren.

Etter jul har møteaktiviteten i bedehuset vore sterkt avgrensa, med det er tillatt å samle 10 personar til møte. Dersom det kjem fleire, kan vi samlast i ulike rom. Kvar tysdag framover har vi samlingar om bibel og bønn.

Det er tillatt med samlingar for barn og ungdom under 20 år . Onsdag 10.februar har ungdomsgruppa samling(frå 8.klasse og oppover), og det er møte i Davids Grotte(5.-7.klasse) onsdag 17.februar.

Vel møtt i Ulsteinvik bedehus

Grunna koronaen – 25/01.21

Grunna koronaen er det få møte vi kan arrangere i bedehuset no, men nokre samlingar  kan vi ha i samsvar med smittereglane:

Tysdag 26. januar kl.19.30: Samling om bibel og bønn. Dersom vi blir fleire enn 10 personar på møtet, må vi bruke andre rom i bedehuset.

Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Arrangement er tillatt for personar under 20 år.

Søndag 31.januar kl.11.00: Felleskristen bønnevandring kl.11.00. Oppmøte på parkeringsplassen ved Amfi.