Stikkordarkiv: Gud

Oppstart av møter

Reglane er nokså like dei som vi hadde før forrige nedstegning.

Allsong framleis ikkje tillatt. Vi holder avstand og vasker hender/spriter oss. Vær frimodig å bruk munnbind hvis behov.

Møteopplegget blir då slik:

Vedkomande møtehelg med Audun Hjelvik

Fredag 16.april kl.19.30: Audun Hjelvik talar. Paul Eikrem leiar. Song
av Solgunn og Peder Almedal.

Laurdag 17.april kl.18.00 og kl.19.30: Audun Hjelvik talar. Oddvar
Hofset leiar. Song av Signe Hjelvik. Servering mellom møta. Servering.

Søndag 18.april kl.17.00: Audun Hjelvik talar. Solfrid Riise leiar. Song
av Linda og Paul Arne Ulstein.

Grunna koronaen – 25/01.21

Grunna koronaen er det få møte vi kan arrangere i bedehuset no, men nokre samlingar  kan vi ha i samsvar med smittereglane:

Tysdag 26. januar kl.19.30: Samling om bibel og bønn. Dersom vi blir fleire enn 10 personar på møtet, må vi bruke andre rom i bedehuset.

Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Arrangement er tillatt for personar under 20 år.

Søndag 31.januar kl.11.00: Felleskristen bønnevandring kl.11.00. Oppmøte på parkeringsplassen ved Amfi.

Davids grotte og ungdomsgruppa

Møte for barn -og ungdom under 20 år  er tillatt:

Onsdag 23.januar kl.18.00: Davids Grotte. Aldersgruppa: 5.-7.klasse

Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Aldersgruppa: Frå og med 8.klasse og oppover.

Gordon Tobiassen er blitt syk – Ordet og Israel

Gordon Tobiassen er blitt sjuk. Vi har fått nye talarar.
Fredag 31.januar kl.19.00: Kristine Røren talar.

Laurdag 1.februar kl.19.30: Anne Sofie Holen Tønnesen talar.

Søndag 2.februar kl.11.00: Kjell Furnes talar.


Bibeltimane på laurdag formiddag må dessverre gå ut.
Pinsekyrkja Filadelfia – Ulsteinvik Indremisjon

<S>Fredag 31.januar kl.19.00: Fellesmøte i Filadelfia. Gordon Tobiassen taler.
Laurdag 1.februar kl.11.00: Fellesmøte i Filadelfia. Gordon Tobiassen taler.
Laurdag 1.februar kl.19.30: Fellesmøte i bedehuset. Gordon Tobiassen taler. Song av God Bodskap.
Søndag 11. 2.februar: Fellesmøte i bedehuset. Gordon Tobiassen taler. Servering. Søndagskule.
</S>

I månadskiftet januar-februar får Ulsteinvik besøk av Gordon Tobiassen. Han reiser som forkynnar i organisasjonen Ordet og Israel, som driv arbeid i Norge og støttar prosjekt i Israel.Organisasjonen sin visjon er at jødar får Bibelen sitt syn på Jesus som Messias og at kristne får Bibelen sitt syn på Israel.
Desse møta er fellesmøte mellom pinsekyrkja Filadelfia og Ulsteinvik Indremisjon.Møta på fredag kveld og på laurdag formiddag blir i Filadelfia medan møta på laurdag kveld og søndag formiddag blir i bedehuset i Ulsteinvik. På laurdag kveld vll også musikklaget  God bodskap delta på møtet.
Gordon Tobiassen er kjend for å legge fram Guds Ord på ein måte som gjer det lett for tilhøyrarane å forstå bodskapen. Han vil på samlingane denne helga ta fram den aktuelle situasjonen i Midt-Austen i lys av profetiane i Bibelen.


Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik Indremisjon

Misjonskveld på bedehuset søndag 26.januar

Kvinne sikter mel. Foto. NLM/ Marius Bergesen

Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.

Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.

Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.

Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !