Forfatterarkiv: Marita Ulstein Stang

LIVSNÆRT PÅ BEDEHUSET

Tre onsdagar i mars får Ulsteinvik Bedehus besøk av Ole Audun Os frå Misjonssambandet.  Os har vore forkynnar, og ikkje minst ungdomsarbeidar, heile sitt vaksne liv her i fylket. Mange kjenner han frå leirar og korhelger på Rjånes Ungdomssenter.

No inviterer Misjonssambandet i Ulsteinvik til nokre kveldar med overskrift «LEVANDE TRU».  Ei av foreningane har ansvaret, dei inviterer til kveldsmat og legg til rette for spørsmål og samtale.

Ole Os– Kva er det du har tenkt å ta opp, Ole Os?

– Eg har ikkje alt klart, kanskje må noko bli til undervegs.  Men eg vil begynne med eit tema eg har kalla «Når livet blir vanskeleg».  Då skal vi lese ein del frå Jobs bok, ei svært ærleg bok i Bibelen.

– Eit krevande tema?

– Ja, eg kjenner meg så klart liten med eit sånt tema.  Men vi ønskjer at menneske skal møte det livsnære og ærlege på bedehuset.  Og at det skal vere rom for å undre seg og oppdage ting i fellesskap.  Eg blir aldri ferdig med å forundre meg over Bibelen.

Det første besøket blir onsdag 4. mars kl.19 (merk tida!). Velkomen!

Formiddagstreff

Annbjørn Walderhaug kjem til Ulsteinvik for å delta på formiddagstreff torsdag 12.februar.

Samlinga skal vere i Ulsteinvik bedehus, og det blir mykje glad, flott sang og piano-musikk denne formiddagen.

Annbjørn Walderhaug

Annbjørn Walderhaug er kjend for veldig mange, og han har alltid svært god og aktuell forkynning. Han har ei sjelden fin og fyldig songstemme, som han bruker til å prise Gud medan han trakterer pianotangentane på best tenkeleg måte!! Vi gler oss til å få denne gjesten på besøk. På tidlegare treff, har han også teke fram sin gode sans for humor og servert av dei gode historiene han har på lager!

På torsdag formiddag blir det utloddning i kaffipausen, til inntekt for vedlikehaldsarbeidet på bedehuset.

Vi håper at mange har tid og lyst til å sette av formiddagen og alle er hjertelig velkommen til bedehuset!

Arr: Ulsteinvik Indremisjon

Vestborgrussen på Ulsteinvik bedehus 17-18.januar.

Vestborgruss_2015

Denne veka er avgangselevar ved Vestborg vidaregåande skule på turne i fylket og i Nordfjord. Turneen vert arrangert i godt samarbeid med regionkontoret for NLM. På vegne av Vestborg-russen er russepresident Peter Hesthaug ( midt i bildet) hovudkoordinator. Han fortel om høge forventningar til veka.

« Dei som har vore russ tidlegare har kome oppglødd attende etter turneen, og no er det endeleg vår tur. Vi har gledd oss til dette lenge», seier han.

-Kva er konseptet ? « Vestborg-russen har blitt delt inn i grupper som skal reise rundt for å halde møter i ulike bygder. Kvar gruppe har med seg ein talar. På møta skal russen ta del med møteleiing, opning og informasjon om Vestborg. Nokre av gruppene vil også bidra med song og musikk. Dessutan skal vi samle inn pengar til russeprosjektet vårt i Japan. »

-Kva forventingar har dokke ? « Det skal bli kjekt å bli kjend med personar som ein ikkje kjenner frå før, men eg trur det også skal bli kjekt å bli endå betre kjend med dei som ein er på gruppe saman med. »

Gruppa som kjem til Ulsteinvik har med seg Mangor Harestad som talar. Russen har kveldsmøte på Ulsteinvik bedehus 17.1 og tek del på « Søndag 11» den 18.1. Søndagsmøtet blir som vanleg med eige barnemøte under talen og avslutta med enkel mat og kaffi.

Ver med og støtt misjonsprosjektet og kom på møta du også !.

Arr: Vestborg vg. skulel og NLM.

 

Samlingar på bedehuset ved Oscar Nordbø

Levande tru

Tysdag 25., onsdag 26. og fredag 28.november vert det møte på bedehuset kl.19.30


Temaet for møta blir: « Salmane – Å tale sant om livet».

Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er Salmane vi skal sjå nærmare på.

”Da alt raknet i mitt trosliv, var Bibelens salmer det eneste jeg maktet å holde fast i. Alt annet ble ubrukelig.” skriv Vårt Land-journalist Erling Rimehaug. Og han legg til at dette er det ikke berre han som har erfart. Dette er kyrkja si er erfaring. Kvifor er akkurat desse bibelske tekstane, Salmane, så meiningsfulle til alle tider?

Saman skal vi prøve å nærme oss nokre av dei. Er der noko eg kjenner meg att i, noko som kan tale til meg der eg er i livet? Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.

Det blir ei uformell ramme, med enkel servering, så ein kan la samtalen gå ved borda.

 

Alle vel møtt !

Arr: Ulsteinvik Misjonslag NLM.

Søndag 11

Komande søndag er det igjen « Søndag 11» på Ulsteinvik bedehus. Per Helge Myren blir med som talar på møtet. Han har vore her mange gongar før, både på bedehuset og ikkje minst i Tryggheim barnehage, i samband med drift av NLM-barnehagane. I unge år var han og familien i Afrika, som utsendingar for NLM, og no er dotter med familie utsendingar i Etiopia. Ringen er på ein måte slutta.

På møtet søndag får vi også korte glimt frå arbeidet i Peru der NLM starta arbeid i 1978 og nokre av dei fyrste utsendingane var frå vårt fylke. Som eit resultat av arbeidet har ei evangelisk kyrkje blitt etablert, og den har no om lag 30 kyrkjelydar ulike stader i det sørlege Peru. Kyrkja eig og driv også 4 barneskular og nokre barnehagar. Peru er eit av dei landa med minst evangelisk kristen i Sør- Amerika, og katolsk folkereligiøsitet blanda med gamal folketru, har eit sterkt grep om folk. Satsingsområda for NLM i dag er leiaropplæring, bibelundervising, litteratur- og radioarbeid, men også bistandsarbeid knytt til helse og jordbruk. Ein ynskjer å hjelpe folket i Peru både med helse og frelse.

Under talen vert det som vanleg barnemøte for dei yngste, og samlinga vert avslutta med enkel servering. Vel møtt alle !

Arr: Ulsteinvik Indremisjon og Ulsteinvik Misjonslag NLM.

Bli med til Indonesia!

Søndag 19.oktober kan du bli med på ei kort « reise til Indonesia « frå bedehuset i Ulsteinvik. Indonesia er landet der det bur flest muslimar enn nokon annan stad i verda. På mange måtar representerer Indonesia dei store utfordringane i misjonsoppdraget. Over 200 millionar av landet sine 240 millionar innbyggarar er muslimar. Og befolkninga er spreidd over tusenvis av øyar, der mange folkegrupper vert rekna som dei minst « nådde» når det gjeld kunnskap og kjennskap til Guds ord. Berre på øys Sumatra, der NLM har hovudbasa si, rekanr ein med at det er 49 unådde folkegrupper. Det er også utbreidd fattigdom i mange områder. Midt i dette er det like vel lys og håp, og litt av dette får vi vite litt meir om i møtet J. Det nyttar å drive misjon, og DU og EG kan få vere med !

 soendagsskolebarn-fra-sumatra_lightbox

På møtet vert det tale i storsalen ved Oscar Nordbø. Barnemøtet i peisestova blir ved Marita Ulstein Stang. Og som vanleg har vi felles matstund i lag alle etter møtet.

Kom du også då vel og inviter gjerne nokon med deg !

Formiddagstreff 2.oktober kl.11

Vi vil gjerne invitere til nytt torsdagstreff i Ulsteinvik bedehus. Det er ei stund sidan sist, og mange har etterlyst desse samlingane!

Det er fint å kunne ha møte på formiddag av og til, og denne gongen får vi besøk av ei ung dame som er nytilsett områdeleiar i Åpne Dører på Sunnmøre.

Olaug Lillian Bjørke bur på Ellingsøya, men har vakse opp i Gjerdsvika. Ho vil delta med informasjon og vitnesbyrd, song og musikk.

Åpne Dører er ein organisasjon som arbeider for forfulgte krisne. Det heile starte med Broder Andreas i Nederland i 1957, og dette er veldig aktuelt framleis! Derfor skal inntekta av loddsalget  gå til dette arbeidet.

Sjå plakat Formiddagstreff 021014

Rikelig tid til kaffi og prat rundt småbord blir det som vanlig! Vi ønsker alle som har tid og lyst til å sette av formiddagen og vere med på torsdagstreff på bedehuset!

Søndag 11 med fokus på Kina

Endeleg er det « Søndag 11» igjen på Ulsteinvik bedehus, vonar eg mange tenkjer.

Søndag 21.september kjem Sakarias Ingolfsson som talar. Han har ikkje vore på bedehuset her før. Han er frå Island, men bur no i Malmefjorden og er forsamlingsleiar i Molde for NLM. Han er far til tre, og brenn for å nå vidare ut i våre fellesskap med Guds ord. Denne veka er han i Volda, møteveke der, og har lovd å ta formiddagsstunda søndag i Ulsteinvik.

Sakarias_Ingolfsson

Kinaregionen er månadens misjonsland for NLM og det eldste misjonsfeltet, som femner om Kina med Hong Kong og Macao, samt Taiwan. På møtet får vi kortfilm og kort glimt om dei mange bøe og takkeemna som gjeld dette store landområdet.
skolebarn-2_lightbox

På søndagsmøtet denne søndagen vert det også nattverd. For barna har vi barnemøte i peisestova under talen. Etter møtet er det enkel servering.

Vel møtt alle !

Hausten på Ulsteinvik bedehus

No har vi oppdatert møteoversikta for Ulsteinvik bedehus. Her finn du ei oversikt over alt som skjer på Ulsteinvik bedehus i haust. Følg med så vil det kome meir utfyllande informasjon etter kvart.

Det er også gode møter å få med seg på Møre barne- og ungdomsskule, Herøy Frikyrkje, Sjøborg kulturhus og Ljosheim. Desse finn du også i møteoversikta.

Velkomen på møte! Ta med deg familie og vener og kom!

Ef 2 8-10

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Ef. 2,8-10