Søndag 11

Komande søndag er det igjen « Søndag 11» på Ulsteinvik bedehus. Per Helge Myren blir med som talar på møtet. Han har vore her mange gongar før, både på bedehuset og ikkje minst i Tryggheim barnehage, i samband med drift av NLM-barnehagane. I unge år var han og familien i Afrika, som utsendingar for NLM, og no er dotter med familie utsendingar i Etiopia. Ringen er på ein måte slutta.

På møtet søndag får vi også korte glimt frå arbeidet i Peru der NLM starta arbeid i 1978 og nokre av dei fyrste utsendingane var frå vårt fylke. Som eit resultat av arbeidet har ei evangelisk kyrkje blitt etablert, og den har no om lag 30 kyrkjelydar ulike stader i det sørlege Peru. Kyrkja eig og driv også 4 barneskular og nokre barnehagar. Peru er eit av dei landa med minst evangelisk kristen i Sør- Amerika, og katolsk folkereligiøsitet blanda med gamal folketru, har eit sterkt grep om folk. Satsingsområda for NLM i dag er leiaropplæring, bibelundervising, litteratur- og radioarbeid, men også bistandsarbeid knytt til helse og jordbruk. Ein ynskjer å hjelpe folket i Peru både med helse og frelse.

Under talen vert det som vanleg barnemøte for dei yngste, og samlinga vert avslutta med enkel servering. Vel møtt alle !

Arr: Ulsteinvik Indremisjon og Ulsteinvik Misjonslag NLM.