ULSTEINVIK BEDEHUS – SOMMARKVELDAR

Det er ferietid, men på bedehuset vil det vere møte gjennom heile sommaren. Kvar onsdag kveld vil det vere møte, vekselvis bibel og bønn og vanleg kveldsmøte.
Vi starter komande onsdag med besøk av Joakim Solbakken.
Han er etter kvart godt kjend i området. Ein ungdom med stort engasjement og ein sterk brann for at menneske skal få møte Jesus. Vi anbefaler han på det varmaste. Joakim er frå Molde, men har dei siste åra vore lagsarbeidar i Møre og Romsdal for Laget – NKSS. I denne perioden med Joakim som leiar har Laget verkeleg fått ein oppsving. Det er etablert nye kristne skulelag på fleire skular i fylket. Mange ungdommar har fått møte Jesus gjennom Joakim sitt vitnemål og han er svært sentral i ungdomsvekkelsen i Møre og Romsdal det siste året. Joakim er aktiv og reiser rundt både på ungdomsmøter og vanlege møter og gudstenester med bodskapen om Jesus. Frå hausten skal han over i ny stilling som frikyrkjepastor. Vi gler oss stort til å få besøk av denne flotte ungdommen på onsdag. Både unge og eldre er hjarteleg velkomne. Det vil også vere servering av pizza m.m. denne kvelden.
Annankvar onsdag vidare vil vi få besøk av Reidar Røyset Almedal, Jo Volle og Egil Straume.
Vi viser til annonse i avisa på fredag.
Onsdagane der det ikkje er oppsett talar vil vi samlast til bibel og bønn. Følg med på annonse, facebook og nettsida vår som vil vere oppdatert på møte vidare denne sommaren.
Du er hjarteleg velkomen til sommarkveldar på bedehuset.
Vi ønskjer alle ein velsigna god sommar med ferie og kvile.

Ulsteinvik Bedehus
SOL

MISJON  SAREPTA  BESØKER ULSTEINVIK  BEDEHUS

Laurdag 6.mai kl. 18.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta. Denne organisasjonen arbeider i Spania, og mange frå Sunnmøre er blitt kjent med Misjon Sarepta når dei har besøkt bibelsenteret til organisasjonen sør i Spania. I Alfas del Pi drivast bibelskule både for nordisktalande og spansktalande elevar. Gjennom året er det  tilbod om ulike leirar på senteret

Denne laurdagen får vi besøk av Hans Bergane. Han er frå Telemark, men bur no i Molde. Bergane har tidlegare vore misjonær i Bolivia, men reiser no som forkynnar i Norge. Det blir  gitt informasjon om arbeidet i fleire byar i Spania.

Hareid musikklag vil delta denne laurdagskvelden. Servering ved borda blir det også denne kvelden i Ulsteinvik bedehus.

Velkommen

PÅSKA I ULSTEINVIK BEDEHUS

Vi feirer påska til minne om Jesu død og oppstode. Dette vil vere i sentrum på samlingane i bedehuset denne påska.

Førstkomande måndag formiddag er det samling om bibel og bønn. Samtalen denne måndagen tar utgangspunkt frå Apostelgjerningane kapittel 6.

Langfredag formiddag får vi besøk av  Preben Solvang. Han har vore misjonær i Bolivia, men reiser no som ungdomsarbeidar i Norge.

 2.påskedag får vi besøk av Johannes Kleppa. Han har tidlegare vore lærar på bibelskulen i Bergen, og han har i mange år reist som forkynnar. No er han formann i misjonsorganisasjonen Sarepta som arbeider i Spania. Kleppa har skrive fleire bøker og er også kjend for sine mange og grundige avisinnlegg om fleire aktuelle tema.

Håkon Helgøy Besøker Ulsteinvik Bedehus 3-5 mars

.Komande helg får Ulsteinvik bedehus besøk av Håkon Helgøy. Fruktbonden frå Helgøy i Ryfylke er mykje brukt som forkynnar, og han har hatt fleire tillitsverv i kristent misjonsarbeid gjennom fleire år. Denne gongen vil han tale over temaet: Vi vil gjerne sjå Jesus.

På fredagskvelden vil også Margot og Harry Andersen synge. Laurdag vil Gro Hofseide synge. Etter deltaking på ein evangelisk aksjon i Vardø er ho tilbake på Sunnmøre .Denne kvelden blir det også servering. 5.mars blir det søndag 11. Denne formiddagen blir det søndagskule i peisestova under talen, nattverd og servering til slutt. Vi ønsker alle vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus.

3.mars Fredag kl.19.30: Håkon Helgøy talar. Song av Margot og Harry Andersen.

4.mars Laurdag kl.18.00: Håkon Helgøy talar. Song av Gro Hofseth. Servering.

5.mars Søndag kl.11.00: Håkon Helgøy talar. Servering. Søndagskule. Nattverd.

Velkommen

Nattverdmøte

Nattverdmøtet på måndag 20.februar blir flytta til  kl.11.00 på
formiddagen, ikkje på kvelden.

Måndag 20.februar 11.00(ikke kl.19.30) Nattverdmøte

velkomne