Stikkordarkiv: Radio Sunnmøre

Formiddagstreff med Radio Sunnmøre

Torsdag 5.mars kl.11.00

Oddveig og Kolbjørn Molnes skal delta på formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus torsdag. Dette blir eit skikkeleg « radio-aktivt» formiddagstreff!

Oddveig Molnes har vore programleiar i nærradioen i fleire tiår, og denne kjende radiostemma er altså stemma til ei smilande og engasjert dame. Oddveig syng nydeleg, og både ho og mannen Kolbjørn er ofte rundt på møter og samlingar.

Mange frå søre Sunnmøre kjenner begge to, og vi ser fram til mykje god sang og musikk og inspirerande forkynning.

Nydeleg gospel og piano eller gitar høyrer saman med denne duoen.Oddveig og Kolbjørn Molnes er engasjerte og aktive pensjonistar, og Oddveig tek fortsatt oppdrag for Radio Sunnmøre. Ho er i studio både titt og ofte. Ho har alltid gode historier på lur, og mykje god humor.

På formiddagstreffet i Ulsteinvik bedehus vil Oddveig og Kolbjørn både tale og synge og spele piano. Dei kjem til å fortelle siste nytt frå arbeidet i Radio Sunnmøre. Det blir god tid til mat og prat og utlodning. Inntektene av loddsalget går til drifta av nærradioen.

Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker varmt velkommen til formiddagstreffet på torsdag.