
Månedens misjonsland: Nord-Afrika


Søndag 8.mars kl 19.30 blir det misjonskveld på bedehuset ved Jan Magnus Dybvik. Han og kona har arbeidd i fleire år i Vest-Afrika. No i vinter arbeider han i region Nordvest og besøkjer forsamlingar og lag. På samlinga får vi også høyre nytt frå arbeidet NLM har i Etiopia.
Tysdag 10.mars kl 19.00 inviterer Ulsteinvik Misjonslag NLm inn til årsmøte.
Steinar Dimmen vil halde andakt. Det blir vanlege årsmøtesaker, samtale og enkel servering.
Alle vel møtt !
Søndagskvelden er det Oscar Nordbø som kjem som talar på kveldsmøtet 19.30.
Han og familien har arbeidd mange år i Afrika, i Vest-Afrika. Denne kvelden vil vi få korte glimt frå Nord- Afrika. Nord- Afrika utgjer 7 områder : Algerie, Egypt, Libya, Marokko, Sudan, Tunisia og Vest-Sahara.
Regionen har historisk sett vore senter for kyrkja. Kjente personar som Augustin, Cyprian og Tertullian kom alle derfrå. Dei var medverkande til at kristendomen vart kjend og etter kvart også fann veg til Norge.
Etter fleire arabiske invasjonar er det nesten ingen kristne att i området, men nokre er det. Særlig gjeld dette blant barbere.
Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.
Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.
Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.
Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !