Søndag 11 med vindu mot Sør-Amerika

Inka

Per Ekelund er talar på møtet 17.april. Han har arbeidd innafor høgskulesektoren storparten av sitt vaksne liv. No er han pensjonist og tek på seg ein del oppdrag som forkynnar i fritida si. Han har vore på bedehuset før og har mykje å gi frå Guds ord.

Barnemøtet blir ved Marit og Ståle.

Vi opnar misjonsvinduet mot Sør-Amerika denne gongen. Der har NLM arbeid i Bolivia og Peru. Sjølv om dei fleste i desse landa reknar seg som katolikkar, er det få som kjenner Jesus som sin frelsar. Folketru, tilbeding av Moder Jord, helgen- og fedredyrking er svært utbreidd. I tillegg har aukande materialisme og nye religiøse retningar prega samfunnet dei siste tiåra.

NLM er engasjert i bibelundervising, leiaropplæring, rådgjeving til kyrkjer og undervising ved det teologiske seminaret Setela. NLM samarbeider med kyrkjene om eit allsidig barne- og ungdomsarbeid både knytt til kyrkjelydar, men også via leirstader, og støttar drift av fleire skular, barnehagar og internat for skuleelevar. Misjonen ynskjer å vise kva Guds ord seier om at kvar enkelt er kjent og elska av Jesus og har ein plass i hans rike.

Samlinga vert som vanleg avslutta med enkel servering i storsalen. Vel møtt  DU også til ein vårsøndag på bedehuset !