Søndag 11 med nytt frå Vest-Afrika

Gudsteneste i Elfenbenskysten. Foto: Espen Ottosen, NLM

«Søndag 11» den 11.11 kl 11 er vel lett å hugse ? Då inviterer vi til ny samling på bedehuset. Denne gongen er det Steinar Dimmen som held tale, medan det er søndagsskule for barna i den flotte sokkeletasjen på bedehuset vårt.

Vi snurrar jordkloden og hamnar på vest Afrika denne dagen, og får høyre litt om kva som er sorger og gleder i misjonsarbeidet der. Bildet over er frå ei gudsteneste i Elfebenskysten. NLM arbeider også i Mali.

Heilt sidan NLM starta arbeidet her i vest, er det dei unådde folkegruppene ein har prøvd å nå inn til med Guds ord. Det har vore vanskeleg, men ikkje umulig, og i dag ser ein at arbeidet nyttar. Kom på møtet og høyr meir om dette !