
Kategoriarkiv: Ukategorisert
MISJON SAREPTA TIL ULSTEINVIK
Komande laurdag 18 okt. kl. 18.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta.
Denne organisasjonen er berre ti år gammal, men driv allereide eit omfattande arbeid. Mesteparten av arbeidet til Misjon Sarepta skjer i Spania. Her driv ein bibelsenteret Centro Sarepta i nærleiken av Alicante.
Her i byen Alfaz del Pi driv ein bibelskule og støttar hjelpearbeid mellom ulike grupper. På solkysten av Spania er sjølvsagt dei fleste spanjolar, men her er også mange innvandrarar frå det nordlege Afrika som treng hjelp. Dei kjem til Spania for å finne arbeid. I kommunen der Centro Sarepta ligg, bur sju tusen nordmenn. Mange av desse har liten kontakt med heimlandet, og mange av dei har stort behov for hjelp.
Det er få evangeliske kyrkjer i Spania, og Misjon Sarepta sender forkynnarar til fleire byar i landet.I dei nordiske landa reiser mange forkynnarar frå Misjon Sarepta med evangeliet.
Denne laurdagen er det Hans Bergane som kjem på besøk. Forkynnarane bruker ofte bubil når dei besøker bygdene. Bergane var for nokre veker sidan utsett for ei ulykke med bubilen. Øvst i Setesdalen kolliderte han i 80 kilometer med ei elgku på 200 kilo. Bubilen blei totalvraka, og elgen måtte avlivast. Som ved eit under slapp Bergane frå ulykka utan skader.
På laurdagskvelden i Ulsteinvik bedehus vil Hans Bergane forkynne med tema frå Salme 25 i Bibelen.
Musikklaget God Bodskap vil synge til oss, og det blir også tid til ei matøkt rundt kaffeborda.
Vel møtt til ein hyggeleg haustkveld i bedehuset.
Sjå annonse i Vikebladet på fredag 18.okt.
Sareptas Vipps-nummer er 11616.
Når du gir en gave til Sareptas arbeid via Vipps vil vår logo komme opp.
Misjon Sarepta
__________________
Ulsteinvik bedehus
laurdag 19.oktober kl.18.00:
Hans Bergane talar
Song av God Bodskap
Servering
Misjon Sarepta
GORDON TOBIASSEN BESØKER ULSTEINVIK BEDEHUS 27-29 sept.
Den kjende forkynnaren Gordon Tobiassen besøker Ulsteinvik komande helg 27-29 sept.. Møta startar opp på fredag kveld(kl. 19.00), held fram på laurdag ettermiddag(kl. 18.00) og endar med formiddagsmøte på søndag(kl.11.00). Både laurdag og søndag blir det servering. På formiddagsmøtet på søndag blir det nattverd og søndagskule. Sjå annonse lengre ned!
Gordon Tobiassen reiser i organisasjonen Ordet og Israel. Han er særleg kjend for si grundige undervisning om dei siste tider ut i frå Guds Ord. Denne helga vil han opplyse om ut frå Bibelen om den aktuelle situasjonen Israel og Midt-Austen står framfor no. Gordon Tobiassen er ein framifrå taler med evne til å engasjere tilhøyrarane med bodskapen han ber fram.
Ulsteinvik Indremisjon ser fram til helga, og dei andre forsamlingane i byen er også invitert til å vere med. Vi ønsker alle vel møtt til Ulsteinvik bedehus.
Ulsteinvik Indremisjon


Formiddagstreff
Formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus – onsdag 4.september kl.11.00
Tale og song av Kari-Laila og Ove Aksnes
Servering. Utlodding
Misjonsmøte Torsdag 29/8 kl 18:00.
Torsdag 29.08 får vi besøk av Silje Berg Straume som talar på Ulsteinvik bedehuset. Ho er aktiv med i Ørsta Volda Misjonsforsamling og er ofte brukt som forkynnar. Til dagleg jobbar ho som sjukepleiar i Volda. Tidlegare har ho vore eittåring i Mongolia, og tilsett som barne og ungdomsarbeidar i regionen.Ho vil setje fokus på Misjonssambandet sitt arbeid i Sentral Asia. Dette er land og områder der det ikkje er lov å drive forkynning, men der misjonærane er knytt til ulike typar diakonalt arbeid. Det diakonale hjelpearbeidet vert sett stor pris på og har stor verdi for folket som får nytte av det. Dette er første av fire misjonsmøter denne hausten, der vi set fokus på misjonsarbeid i ulike land. Ynskjer du å høyre meir om dette misjonsarbeidet så er du hjarteleg velkomen til møta .


Møte på bedehuset
Vi ønsker velkommen til møte i Ulsteinvik bedehus – onsdag 31.juli kl.19.00.Vi får besøk av Ingbjørn Vingen frå Brattvåg. Han er frå Rogaland, men har budd mange år på Sunnmøre.
Møte Onsdag
Kvar onsdag er det samling i Ulsteinvik bedehus denne sommaren.
Onsdag17.juli kl.19.00 kjem Ole Os på besøk. Han har vore forkynnar i Misjonssambandet, men er nok mest kjent frå barne – og ungdomsarbeidet iNLM.
Ole tar med seg gitaren på onsdag kveld, og vi kan glede oss tilgode evangeliske songar.
Det har vore godt frammøte på samlingane i sommar. Mange reiser nok bortpå ferie, men det er alltid nokre som er heime. Fleire får også besøkfrå andre stader i landet og utlandet.
Ta dei med til Ulsteinvik bedehus komande onsdag!


SOMMARKVELDAR
Også denne sommaren inviterer vi til sommarkveldar på Ulsteinvik bedehus annankvar onsdag.Komande onsdag 19. juni kl 19.00 er første samling med Reidar Røyset Almedal som taler! Han er for tida teologistudent hos NLA i Bergen! Det verte song og musikk og høve til å gi ei gåve til misjonen🙌Du er varmt velkommen til bedehuset denne kvelden❤️



Bibelhelg – Lys over land
3.-5.mai: Bibelhelg. Eivind Flå talar. Lys over land.
Fredag 3.mai kl.19.00: Sulagutane syng. Servering.
Laurdag 4.mai kl.19.00: Gro Hofseide syng. Servering.
Søndag 5.mai kl.19.00: Åse Muren og Sølvi Teige Sandanger syng.