Månedlige arkiver: april 2025

Møteveke med Audun Hjelvik

Komande onsdag 23 april kl.19.00 startar ei møteveke med Audun Hjelvik frå Osterøy i Ulsteinvik bedehus.

Det blir samlingar kvar kveld kl.19.00.Songinnslag blir det også.

På søndag er samlinga kl.11.00 – då blir det nattverd, søndagskule og servering.

Audun Hjelvik har besøkt oss tidlegare, og vi ser fram til å høyre ogoppleve hans gode måte å legge fram evangeliske sanningar frå Guds Ord.

Vel møtt til samlingane denne veka. 🙂

Bibelhelg m/Ingvald Kårbø

Fredag 9.mai kl.19.00: Ingvald Kårbø talar.Ulsteinvik Indremisjon.

Laurdag 10.mai kl.18.00: Ingvald Kårbø talar. Servering.Ulsteinvik Indremisjon.

Søndag 11 – 11.mai: Ingvald Kårbø talar. Søndagskule. Servering.Ulsteinvik Indremisjon.

Vel møtt

Ulsteinvik Indremisjon: 4137.30.22703 Ulsteinvik Indremisjon, vipps: 118691 Ulsteinvik bedehus: 4137.30.11434:

MISJON SAREPTA BESØKER ULSTEINVIK BEDEHUS

Komande Torsdag 10.april kl.19.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta. Denne misjonsorganisasjonen arbeider i Spania sidan 2014. I Spania har ein starta opp bibelskulen Centro Sarepta.Evangelistar blir sendt til mange byar i landet, og ein støttar også diakonalt arbeid.Denne gongen er det Ole Andreas Meling som besøker oss. Han bur på Nærbø på Jæren, men reiser no som forkynnar over heile landet. Han syng og spelar både piano og fiolin.Vel møtt til samling i Ulsteinvik bedehus komande torsdag. Sjå annonse i Vikebladet komande tysdag!

Misjon Sarepta