Forfatterarkiv:

Møteaksjon på bedehuset 10-22.november

Vi inviterer DEG til 2 vekers møteaksjon på bedehuset no i november. Talarane er songevangelist Per Tveten og Lars Egil Fredriksen.

LarsEgil_Fredriksen                           Per_Tveten       

Per har vore i Ulsteinvik før. Han har reist som songevangelist heile sitt vaksne liv og reiser no på landplan for hovudstyret i NLM. Han har gitt ut fleire CD-ar, både åleine og saman med kona si. No kjem han hit saman med Lars Egil, ein ung forkynnar frå Hobøl. Han ynksjer å formidle noko av dette med «evigheten og evighetsalvoret».

Møta blir slik:

  • Tysdag t.o.m fredag kl 19.30; begge veker.
  • Søndag 15.11 kl 19.30 og søndag 22.11 kl 11.00:  » Søndag 11″ med barnemøte og mat.

Alle vel møtt og inviter gjerne nokon med deg på møta !

Arr: Ulsteinvik NLM             

Søndag 11- ved KRASP Sør

Søndag 8.november får bedehuset flott besøk på søndagsmøtet. Det er koret KRASP Sør som har øvingshelg på Rjånes, og som tek turen til Ulsteinvik. Koret har medlemmer frå indre og søre Sunnmøre og har 4 øvingshelgar i året, og songarane er i alderen 6.-8.klasse. Hovudleiar er Ole Os, og han har med seg eit flott team med unge og eldre leiarar denne dagen.

KraspS_2015

Steffen Stensland, nytilsett som områdearbeidar for NLM Ålesund og omland, skal halde andakt over temaet » En modig kristen». Eit viktig tema, anten ein er 5, 50 eller 75 år.

KRASP har kvart skuleår eit misjonsprosjekt som kormedlemmane samlar inn pengar til. Denne vinteren er det arbeid i Etiopia, som dei vil orientere om. Misjonsgåva på møtet går til dette prosjektet.

På samlinga 8.11 vert det ikkje eige barnemøte, og samlinga blir lagt opp til å passe for ALLE.    Vi avsluttar med mykje bollar, kaffi og kaker,

Alle vel møtt !

Bibelinspirator på besøk 25.oktober

Bibelleseringen er ein del av  Scripture Union som har arbeid i rundt 130 land. Bibelleseringen gir ut publikasjonar i ulike format, som alle er med å inspirere til bibelbruk for enkeltmenneske, familier, forsamlingar og ulike kristne fellesskap. Dei tilbyr også kurs for foreldre og barne- og ungdomsleiarar.

På møtet denne søndagen vil Jorunn S Djupvik ta del med tale og informasjon om det arbeidet Bibelleseringen står for. Ho har yrkestittelen » Bibelinspirator» og det vert spennande å høyre henne.

Jorunn S Djupvik

Møtet har som vanleg barnemøte i peisestova og enkel servering som felles avslutning.

Vel møtt alle !

Søndag 11 ved Oscar Nordbø

ElfenbeinskystFlagg

Søndag 11.oktober får vi høyre nytt frå arbeidet i Vest Afrika. Oscar Nordbø blir med som talar på møtet. Han og familien har mange år bak seg i dette området, som utsendingar for Misjonssambandet. Denne søndagen vert barnemøtet ved Marit og Ståle.

Vel møtt alle !

» Søndag 11″ med smak av LAKRIS

OleAudunOs     2Barn

Denne veka er det » Smak av Ulstein» og då passar det vel bra å ha møte på bedehuset med eit kor som heiter LAKRIS ? Koret blir leia av Kari Aske Osnes, og vi gler oss til å høyre dei synge. Talar på møtet er Ole Os. Har har ei eiga evne til å formidle Guds ord, både til unge og eldre.

Misjonsssambandet driv arbeid i mange land. På møtet søndag får vi sjå ein kortfilm frå barn i Japan, og litt frå deira kvardag. Vi vil prøve med lynutlodning til inntekt for arbeidet på dette møtet. Og så blir det kanskje litt ekstra sommarsmakar på matbordet.

Vel møtt DU også !

» Søndag 11″ første pinsedag

Første pinsedag blir det igjen » Søndag 11″ på bedehuset. Denne gongen er det Per Helge Myren som er talar og det blir også barnemøte i peisestova under talen.

Månadens misjonsland er Mongolia, og vi skal få høyre og sjå litt frå oppgåver og utfordringar utsendingar frå vår region står midt i.

August

Misjonskveld – med glimt bak stengde dører

Onsdag 22.april kl 19.30 blir det eit litt annleis misjonsmøte på bedehuset.

Vi får besøk av ein utsending som har arbeidd fleire år i Asia, og vi får glimt inn i arbeid og utfordringar i denne regionen.

Alle vel møtt !l

Villtulipan Asia                    NLM_2-RGB

Palmesøndag på bedehuset

Jesus-rider-palmesondagP1050883   NLM_2-RGB   evangelisering_gretehaukelid_crop_edit_full

No nærmar det seg raskt påske og då blir det fleire ulike møter på bedehuset. Fyrst i rekka er » «Søndag 11», palmesøndag. Då er det barnemøte ved Eli Beate og Håvard Ringstad og tale for dei vaksne ved Inge Ulstein. Songar og innhald elles ber preg av påskebodskapen, anten det er for ung eller eldre.

Misjonsinformasjon denne gongen er frå Etiopia, eit land Misjonssambandet har hatt arbeid i sidan 1948. NLM arbeider tett med den lokale Mekane Yesus-kyrkja ( EECMY) for å nå dei minst nådde folkegruppene i landet. Kyrkja veks raskt i medlemstal og har ei stor utfordring i å få utdanna evangelister, teologer og prester nok. NLM er engasjert i utdanning ved bibelskular og teologiske institusjonar.

Etiopia ligg på Afrikas horn og grenser til Somalia, Eritrea, Sudan og Kenya. Landet er over tre gongar så stort som Norge og har over 80 millioner innbuarar med mange ulike etniske folkegrupper og 85 ulike språk. Etiopia er eit fattig land og folket treng hjelp både for kropp og sjel. EECMY og for NLM er difor også engasjert i ulike prosjekt som landsbyutvikling, utdanning og helse saman med kyrkja og styresmaktene.

Vel møtt alle til påskemøta og inviter gjerne nokon med deg !