Kategoriarkiv: NLM

Levande tru kveldar 8-10.oktober ved Lars Kjetil Emblem

Ulsteinvik Misjonslag NLM inviterer DEG til bibelkveldar på bedehuset, til litt annleis møter. Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er det fokus på dei 10 boda,- Guds gode vilje til beste for oss.

Tidene forandrar seg og vi med dei. Menneska vil nok alltid vera dei same, men på same tid har vi i dag mange nye problemstillingar i høve til t.d. for 50 år sidan.  Å vera kristen handlar om å gjere dei gode vala slik at ein kan få leve i Guds velsigning og vere til velsigning. Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.

Samlingane er tysdag, onsdag og torsdag kl 19.30-21.00. Møta er uformelle der Emblem har ei innleiing til temaet og med påfølgande samtale ved borda over ein varm kopp kaffi/ te og enkel servering.

Vel møtt alle, og inviter gjerne nokon med deg!

Misjonsmøte 8.9 kl 19.30. Nytt frå Stor-Kina

Søndag 8.september er det misjonsmøte på bedehuset med Steinar Dimmen som talar.

Vi får også høyre nytt frå arbeidet i Stor-Kina. Området er NLM sitt eldste misjonsfelt. Kallet til Kina var sjølve årsaka til at NLM vart grunnlagt under namnet Kinamisjonsforbundet, og dei fyrste misjonærene reiste til landet i 1891. Arbeidet i Hongkong og Macao og på Taiwan vart starta som eit resultat av at NLM sine utsendingar måtte forlate fastlands-Kina i 1950, då kommunistene kom til makta, og mange kinesarar flykta til desse områda.

I dag skjer det mykje spennande i området. Kom og høyr meir på møtet !

 

ALLE VEL MØTT !