Misjonsambandet i Ulsteinvik

Lag og foreiningar tilknytt NLM i Ulstein kommune

Ulstein Yngstes :
Lag for yngre ungdom, med møte annakvar onsdag på Ljosheim. Ca 17 medlemmer.
Leiarar: Anne Lise Nilima Ulstein og Kirsti Vattøy Ulstein.

Bibelgruppa Daniel :
Gruppa har 10 menn som samlast første tysdag i månaden til bibelstudie og misjon. Møta går på omgong i heimane til medlemmane. Leiar og kasserar: Odd Gunnar Aase

Sør- Amerikaforeininga :
Laget har 12 medlemmer, både menn og kvinner, med møte om lag 1 gong per månad. Møte er på omgang i heimane, og har studieopplegg og misjonsinformasjon.
Leiar : Dagny Davidsen

Taiwan kvinneforeining:
9 kvinner i sin beste alder samlast siste tysdagen i kvar månad til tradisjonell foreining i heimane. Leiar :Asbjørg Aase, Skrivar og nestformann Berit Ulstein,Kasserer Kirsti Dimmen.

Ulsteinvik Misjonslag NLM:
Styret har 4 medlemmer og arrangerer offentlege møter for NLM på Ulsteinvik bedehus, og er bindeledd mellom dei andre foreiningane for NLM i kommunen. Styret består av Verner Larsen, leiar, samt Steinar Dimmen, Jan Erling Davidsen og Ingeborg Dyrhaug Hatløy. Synneva Vattøy Ulstein er kasserar.

Ajourført  4.mars 2019.