BASAR I ULSTEINVIK BEDEHUS

Ulsteinvik Indremisjon inviterer til den årlege basaren i Ulsteinvik bedehus komande laurdag 18 okt..

Basaren startar kl.16.00. Dette er gjort for at det ikkje skal bli for seint for barnefamiliane, og mange eldre likar heller ikkje at starttidspunktet for basaren blir for seint på ettermiddagen.

Ulsteinvik bedehus er over hundre år gammalt, og behovet for oppussing av det gamle bedehuset er stort. I år har ein starta med å renovere inngangspartiet til hovudinngangen i bedehuset. Storsalen har fått nye elektriske omnar, og det er kjøpt inn nye bord. Målingsarbeid er også utført inne i storsalen. Dei siste åra har særleg straumprisane auka, og det er derfor også viktig at ein maktar å samle inn nok midlar til drifta gjennom året.

Kvar veke skjer det mange aktivitetar. Det er eit tilbod til barn og unge i bedehuset, og dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar gjennom året.

Det blir sal av årar på basaren.Trekking av ei loddbok med mange fine gevinstar.Sal av smørbrød og kaker står på programmet.

Arve Fiskerstrand held andakt denne ettermiddagen.

På fredag ettermiddag mellom kl.16.00 og 18.00(dagen før basaren) er det høve til å komme til bedehuset med gevinstar.Sjå annonse om basaren i Vikebladet i dag!

Vel møttt alle til basaren i bedehuset komande laurdag.

Ulsteinvik Indremisjon