Trivselskaféen i Ulsteinvik bedehus skal vere ei avslappande stund der folk kan møtast, bli kjende med kvarandre og ha det kjekt i lag.
På programmet står det noko å smile og le av, songar og dikt av ulikt slag, ei andakt på om lag 15 minutt og ei god matøkt med bordkonkurranse. Det blir også åresal og trekking av ulike premiar.
Heile inntekta går til ulike misjonsprosjekt som blir presenterte på samlinga.
Når er det Trivselskafé?
Det er eit ønske å arrangere Trivselskafé kvar månad, den tredje onsdagen, fram til sommaren. Planen er å ha Formiddagstreff og Trivselskafé på vekselvis onsdagar. Det blir ikkje Trivselskafé i desember 2026.
Sjå møteoversikta for datoar og klokkeslett som er stadfesta.
Kontaktperson: Monica Overvåg.

