Samling om bibel og bønn

Vi samlast annakvar måndag kl. 12.00 i Ulsteinvik bedehus til bøn og bibellesing. Sjå møteoversikta for datoane.

Vi les eitt kapittel frå Bibelen og samtalar om innhaldet. På samlingane les vi frå Bibelen i lag, ber og deler tankar med kvarandre. Dersom du i di daglege bibellesing har opplevd noko som har treft deg på ein spesiell måte, og du føler lyst til å dele dette med nokon, kan du få dele dette her.

Vi deler også bøneemne med kvarandre, og ber i fellesskap over ting vi har på hjartet. Det kan vere at livet er slik at ein ikkje vil dele bøneemnet med andre, men berre løfte det fram for Gud i fellesskap.

Annankvar månad er det nattverdmøte kl. 12.00 på ein av måndagane. Sjå møteoversikta for datoar.

Paulus’ brev til filipparane 4,6

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.