STOR TAKK TIL BEDEHUSFORENINGA

På årsmøtet til Ulsteinvik Indremisjon sist fredag vart det uttrykt stor takk til bedehusforeninga sitt arbeid gjennom mange år. Bedehusforeninga er ei kvinneforening som har samla inn store midlar til Ulsteinvik bedehus. Mykje av renoveringa av bedehuset som har blitt gjennomført dei siste åra, har kunna blitt gjort grunna dei midlane dei har samla inn. Dei har også hatt ansvaret for gjennomføringa av den årlege basaren om hausten. Dei har skaffa mat til basaren og stått for matsalet på basarkvelden. Bedehusforeninga har skaffa gevinstar til basaren, selt lodd og hatt ansvaret for den praktiske gjennomføringa av utloddinga. Dei har også utført dugnad i bedehuset.Dei vart også takka for det viktige forbønnsarbeidet dei har utført gjennom mange år. Grunna høg alder har dei no bestemt seg for å avslutte foreningsarbeidet, men det vart oppmoda om at yngre krefter måtte ta opp arven og føre arbeidet til denne foreninga vidare. Frå styret i Ulsteinvik Indremisjon blei det overrakt blomar til dei medlemmane av bedehusforeinga som var til stades på årsmøtet.

Årsmeldinga fortalde om stor aktivitet i bedehuset det siste året. Kvar veke er det fleire samlingar i bedehuset. Formiddagstreffa og samlingane på søndag formiddag har godt frammøte. Det er gledeleg å sjå at nye kjem på møta, og at mange kjem frå dei andre forsamlingane i Ulsteinvik. Fleire frå nabobygdene møter fram til arrangementa. Ungdomsgruppa har møte annankvar tysdag, men det kom fram ønske om at barnearbeidet må styrkast. Styret fortalde også om eit fyldig program for året 2026.

Sjølv om det er utført store utbetringar av bedehuset dei siste åra, har bedehuset ein tilfredstillande økonomi.

Stor takk vart gitt til styret for godt arbeid det siste året.

Desse sit i styret i Ulsteinvik Indremisjon:Mathias Riise, Solfrid Ulstein Riise, Rolf Magnus Sundgot, Borghild Ulstein og Synneva Vattøy Ulstein.Vararepresentantar: Oddvar Hofset, Sverre Moltumyr og Ståle Tønnesen. Marit Tronstad Ulstein vart attvald som kasserar, og Bent Vatnehol tok attval som revisor.

Ulsteinvik Indremisjon ønsker alle velkome til bedehuset i 2026!

Ulsteinvik Indremisjon