Sommarkvelder  i Ulsteinvik bedehus

Vi inviterer til den første  sommarkvelden  i Ulsteinvik bedehus i år.
Onsdag 25.juni kl.19.00 talar Reidar Almedal i bedehuset.

Han er frå Ulsteinvik, men studerer no på Norsk Lærarakademi i Bergen. Ved sidan av studiet på NLA har han også ei deltidsstilling i Salem, Misjonssambandet si forsamling i Bergen.

Det blir samlingar kvar onsdag i bedehuset i Ulsteinvik denne sommaren.
Annankvar onsdag er det samling om bibel og bønn, og annankvar onsdag får vi besøk av ein forkynnar.

Vel møtt til samlingane!