Hausten på Ulsteinvik bedehus

No har vi oppdatert møteoversikta for Ulsteinvik bedehus. Her finn du ei oversikt over alt som skjer på Ulsteinvik bedehus i haust. Følg med så vil det kome meir utfyllande informasjon etter kvart.

Det er også gode møter å få med seg på Møre barne- og ungdomsskule, Herøy Frikyrkje, Sjøborg kulturhus og Ljosheim. Desse finn du også i møteoversikta.

Velkomen på møte! Ta med deg familie og vener og kom!

Ef 2 8-10

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Ef. 2,8-10

Nytt søndag 11 med fokus på Bolivia

maanadens misjonsland bolivia

Komande søndag er det igjen « Søndag 11» på bedehuset. Denne gongen er tale ved Per Ove Årseth.

Misjonsnytt er frå Bolivia, der NLM har arbeidd med bistand og kyrkjelydsbygging sidan 1978. Bolivia er landet med dei mange fargane, dei høge fjella, mange titalls språk og etniske grupper. Landet strekkjer seg frå varmt lavland til isande vind i Andesfjella, og har ei historie som strekkjer seg frå det velståande Inka-riket til dagens samfunn prega av eit uroleg demokrati. Per i dag   har Misjonsssambandet berre 3 utsendingar i landet. På møtet får vi eit lite glimt inn i dagens arbeid og utfordringar.

Under talen vert det som vanleg barnemøte for dei yngste, og samlinga vert avslutta med enkle servering i storsalen. Vel møtt alle!

Møteveke med Thor Ingvald Lauvrak

Tor-Ingvald-Lauvrak

 

Denne unge karen har vore her i området før, og svært mange gler seg til at han no vil kome tilbake. Thor Ingvald Lauvrak har vore forkynnar i Indremisjonsforbundet heilt sidan han var tidleg i 20-åra, og har altså no halde på i over ti år.

Han bur i Rogaland, og når han ikkje er på talarstolen, sit han bak trailer-rattet og køyrer langtransport. Han er også dyktig med fiskestonga, så fisken i havet er ikkje heilt trygg når han kjem til Søre Sunnmøre.

Det blir møter på bedehuset kvar kveld, med god forkynning, mykje sang og vitnemål! Sett gjerne av ein eller fleire kveldar og bli med. Du vil bli overraska av kor mykje denne unge karen har å formidle frå Bibelen. Han talar direkte, klart og enkelt og på ein slik måte at alle kan forstå!

Sjå video om han her: Livet i misjonen

Tysdag-fredag kl.19.30.
Søndag kl.17.00.

Fredag får vi song av God bodskap.
Laurdag kjem Ulstein Soul Children og Herøy  gospelkor.Velkomen!

«Søndag11» på Møre 23.mars

Martha og Edgar Paulsen

Førstkomande søndag er det formiddagsmøte på Møre barne og ungdomsskule.

Det er Oscar Nordbø som skal tale, og han er på heimebane! Han er tilsett i NLM og bur i Herøy, så han har kort veg denne søndagen! Han er stadig på farten for misjonen og reiser også gjerne heilt til Afrika for å forkynne Guds Ord.

Sangevangelistane Martha og Edgar Paulsen er i Ulsteinvik denne veka, og dei vil også ta turen til Møre søndag. Dei vil delta med vitnemål, sang og musikk. Det er flott at dei kan vere med på denne samlinga før dei reiser tilbake til Trøndelag. Mange i Herøy kjenner dei godt frå tidlegare møter, turar og stemner.

Det blir søndagsskule i amfiet og servering i aulaen, kollekt til NLM.

Vi ønsker små og store, unge og gamle velkomne til ein fin og innhaldsrik formiddag på Møre barne og ungdomsskule!

Arr Søndag 11 komiteen, NLM/IM